Den franske forfattaren Éric Vuillard strippar 1950-talets politikarar for all ære i handsaminga av Frankrikes krig i Vietnam.
Men endå meir enn politikarar og generalar lar han dei rike bankeigarane få gjennomgå:
Som han skriv:
Dei spekulerte i døden.
Det er sterk kost. Det er likevel ikkje vanskeleg å sjå parallellar til nolevande makt- og pengekåte politikarar, om dei heiter Vladimir eller Donald til førenamn.
Tar ein på seg brillene til Vuillard, kan også norske investorar med aksjar i olje- eller våpenindustrien ta seg dårleg ut i ei tid med krig og uro.
Han fortel ei anna historie
Éric Vuillard er forfattar, skribent og filmskapar. I eit dusin bøker, minst, har han kledd av makta og vist korleis pengar korrumperer.
Han har kritisert amerikanarar, spanjolar, tyskarar og franskmenn som opp gjennom historia har gjort seg mektige ved å halde andre nede.
Om han heng ut einskildpersonar, og det gjer han, med flid, så er det særleg den institusjonaliserte makta han vil til livs.
I Frankrike gjeld dette folk som i kraft av familie eller inngifte automatisk fekk posisjonar i samfunnet som om det var deira privilegium.
PRISVINNAR OG PROVOKATØR: Éric Vuillard får både ris og ros for historieskrivinga si. Han tek parti for dei fattige og undertrykte og ironiserer ofte over sjølvgode maktmenneske. Her frå tildelinga av Goncourt-prisen i 2017.
Foto: Philippe Wojazer / ReutersI boka «Dagsordenen», som han fekk sjølvaste Goncourt-prisen for, skildrar Vuillard korleis store tyske selskap, som BASF og Telefunken, på 1930-talet gjorde politiske avtaler med Adolf Hitler for å kvitte seg med brysame fagforeiningar.
Kva slags konsekvensar fekk dette for selskapa i ettertid, anna enn at dei har vakse seg store og mektige? spør Vuillard.
Det er skremmande å sjå korleis historia gjentek seg.
Vuillard har ein tydeleg agenda. Som han sa då eg møtte han til eit intervju for nokre år sidan: Politikk og litteratur heng tett saman. Ibsens Nora og Victor Hugos Jean Valjean er berre to døme på litterære personar som har endra samfunnet.
Høyr Anne Cathrine Straumes intervju med Éric Vuillard her:
Tretti år med krig
Men her og no:
I eit sylskarpt språk, der hendingane er komprimerte til det ekstreme, skriv Vuillard om korleis franskmennene forsøker å komme seg ut av Vietnam utan å tape andlet.
Etter hundre år med kolonistyre i Indokina og fleire år med brutal krig etter at Vietnam erklærte seg sjølvstendig i 1945, slår politikarane fast at dei må kjempe eit siste, stort slag som fedrelandet kan vinne – slik at dei har dei beste forhandlingskorta før ei eventuell kapitulering.
Det blei slaget om Dien Bien Phu i 1954, der mange menneskeliv gjekk tapt.
Frankrike var ikkje sigerherre.
ERKLÆRER SIGER: Ein vietnamesisk soldat heisar flagget over hovudkvarteret til den franske hæren i Dien Bien Phu 7. mai 1954.
Foto: AP Photo/Vietnam News AgencyDet var ikkje trusselen frå kommunistane i nord Frankrike kjempa mot, men dei slost for eigarskapen til verdifulle naturressursar, skriv Vuillard.
Kolonien hadde gitt enorme inntekter frå mineralgruver og gummiplantasjar. Arbeidarane gjekk for luseløn.
Boka startar med at ein fransk delegasjon i 1928 dreg ut i felten for å ta dei slaveri-liknande tilhøva for arbeidarane i augesyn. Det har komme meldingar om ekstremt høge sjølvmordstal blant dei lågtlønna.
Det blei klart at kåra var kritikkverdige.
Legg fram prov
Ifølgje forlaget er Éric Vuillard ein eksponent for ein ny generasjon historikarar som vil ta historiefaget ut av universiteta og inn i (skjønn)litteraturen. Han lener seg på offentlege og mindre kjente dokument, rapportar, brevvekslingar eller turistbrosjyrar.
Om dei historiske faktaa stemmer, diktar han seg også inn i hovudet til personane han skildrar.
Dei vil franskmenn flest kjenne att, men for nordmenn vil dei vere ukjente.
Det kan vere ei ulempe, når boka no er ute på norsk i Egil Halmøy si stringente omsetjing. Men her har omsetjar og forlag teke valet om ikkje å legge til fotnotar og register; det er jo ikkje vanskeleg å google no for tida, skriv Halmøy i eit lite forord.
Stemma til forteljaren ligg heile tida som eit impertinent moralsk kompass under hendingane. Ho kan vere ironisk, raljerande, skarp eller dømmande.
Lesaren er aldri i tvil om at forfattaren tek dei undertrykte sitt parti. Som oftast er han lett på foten, men utover i boka kan hangen til å skrive ned maktpersonane truge med å svekke skrifta si kraft.
Tenk Nordahl Grieg og teaterstykket «Vår ære og vår makt», der han skuldar norske skipsreiarar for å gamble med livet til sjøfolka. Tenk Kjartan Fløgstad, som gong etter gong har pirka borti norske rikfolk sitt samrøre med høgreekstreme krefter.
I dette landskapet skriv Éric Vuillard.
Kan hende er det lett å sjå historiske feilgrep i ettertid. Feila må okke som adresserast:
Éric Vuillard er dedikert og smart, teksten like eins. Bøkene hans syner at historia ikkje er avslutta, men høgst levande. Ho krev at vi granskar ho på nytt og på nytt.
Hei!
Eg er litteraturkritikar i NRK, og skriv om bøker både for barn og vaksne. Les gjerne saka mi om Emil i Lønneberget. Sjå kva eg skriv om «Litt kristen» av Åste Dokka eller «Fortell meg alt» av Elizabeth Strout. Vi oppdaterer alle lesetipsa våre i denne saka, og tips til gode barnebøker finn du her.