Roman nummer to frå dansk-norske Kirstine Reffstrup fortener ros for stor originalitet og intens stemning.
«Jernlungen» tek oss til rare stader i utforskinga av … fridomslengt, kanskje? Utforsking av identitet? Kroppar som ikkje passar inn i skjemaet?
Dette og meir til, spør du meg. Historia er mangetydig og opnar for meddikting.
Harde fakta og flytande former
Romanen er forma kring to 13-åringar som lever svært ulike liv til ulike tider. Her er harde fakta:
1913: I ein skog utanfor Budapest ligg ein barneheim for gutar. Styraren dunstar kvitlauk og hyllar seg inn i ei mørk kappe med raudt fôr.
1952: På eit hospital i København ligg små polioramma barn i såkalla «jernlunger» som hjelper dei å puste.
Men før ein får bladd om, er vi inne i det flytande, eller i grensetilstandar.
«Jeg er verken jente eller gutt. Jeg drikker bittert fostervann. Jeg er langt hjemmefra, og jeg synger fra det hullet hvor jeg finnes og ikke finnes.»
«Jeg er barnet som mødrene støtte fra seg. Jeg puster ned gjennom århundret.»
Gåtefullt, men også fantasieggjande. Kva er på gang her?
Sommarfuglen som blei til ei puppe
Begge ungdommane fortel si eiga historie. Agnes i jernlunga er lett å følgje. Ho ligg i maskina som held henne i live. Ingen veit om ho overlever, og til slutt blir jernlunga ei trygg hamn mens livet utanfor er farleg.
Kroppen, som skulle ha falda seg ut, skrumpar i staden inn. Ho er sommarfuglen som forvandlar seg til ei puppe.
Men drøyme kan ho, og ganske særleg draumen om eit tidlegare liv der ho budde på ein barneheim utanfor Budapest, er interessant her.
For der bur den andre jenta, som blir kalla «Gutt» saman med 11 andre gutar under Taras myndige blikk. Disiplinen er streng, skjortekragane er høge og stive.
Ingen kan lese, ingen andre menneske kjem innom. Det er Tara, nokre «søstrer», dei 12 barna og nokre hundar du ikkje vil vere uven med. Her møter brørne Grimm Roald Dahl på ein mørk dag.
Og er no vår «Gutt» jente heilt og fullt, eller noko midt mellom? Det er uklart kva det er med kjønnsidentiteten til Gutt, utover det at alle trur ho er hankjønn. Tara kallar det ho har i buksa for «egg».
Egget må ingen sjå, men Gutt sjølv har sett «Det dinglende kjøttet deres og to kokte plommer når de drar ned buksene om natta.»
Trass i Taras jerndisiplin blir «egget» avslørt og livet til Gutt tek ei drastisk vending.
NESTEN-DEBUTANT: Norsk-danske Kirstine Reffstrup debuterte i 2016 med romanen «Eg, Unica», som vart nominert til Debutantprisen og Montanas Litteraturpris i Danmark. I hennar andre bok «Jernlunga» diktar ho fram to tenåringar som må finne seg sjølv under sterkt press.
Foto: Sofie Amalie Klougart
Å skape seg sjølv
Romanen legg opp til at Agnes kan vere reinkarnasjon av Gutt. Det blir ein påstand det ikkje kjem så mykje ut av; likevel gir det meining å stille dei to ved sida av kvarandre. Begge er tvinga inn i ekstreme rammer som hindrar dei i å utfalde seg, noko som pregar liva deira sterkt.
«Jernlungen» er poetiske grøss om jenter under press.
Det er hjarteskjerande å lese om Agnes i jernlunga, men ho lever likevel innanfor kjende kategoriar: familie, sjukehus, lekser, sorg over livet. Polio herja faktisk i Danmark i 1952.
Mens Gutt er radikalt utanfor og må manøvrere i livet utan språk for erfaringane sine. Ho må skape seg sjølv gjennom å bruke dei orda ho har høyrt, og ikkje minst gjennom temmeleg drastiske og meiningsmetta handlingar.
I moderne språk er barna på barneheimen utsett for soleklare overgrep. Men Kirstine Reffstrup bruker ikkje dei ekstreme erfaringane til å skape moralsk øsing hjå lesaren.
I staden utforskar ho sider ved det menneskelege, og det i eit poetisk, suggererande, sanseleg språk som både gjer det kjende framandt og det uhyggelege nærverande.
Trass i at året enno er ungt: «Jernlungen» er årets mest originale roman. Og det er positivt meint, om nokon skulle tvile.
Hei!
Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.