Hopp til innhold

Mogleg venevirus på Facebook

Facebookbrukarar rapporterer at kontoane deira sender ut veneførespurnader til folk dei ikkje kjenner.

Facebook screenshot

Facebooks teknikarar jobbar med å undersøke rapportar om virus som er komme inn på nettstadens hjelpesider.

Foto: Spencer E. Holtaway/CC

På Facebooks hjelpesider rapporterer brukarar om at vener blir lagt til og veneførespurnader blir sendt ut, utan deira godkjenning.

Åraka synest å vere eit virus som spreier seg gjennom Facebook, skriv nettstaden ReadWriteWeb.

Etter at Facebook-brukar Laina Mancini la inn eit innlegg på Facebooks hjelpesider for ei veke sidan der ho rapporterte om at Facebook la til vener utan hennar godkjenning, har stadig fleire meldt inn at dei har same problem.

Facebooks pressetalsmann i Norden, Jan Fredriksson, seier dette til NRK.no:

– Facebooks teknikarar jobbar med å undersøke dette. Vi ber om å få komme med meir detaljar når vi har det.

Facebook har også tidlegare vore ramma av virus:

200-300 vener lagt til utan samtykke

Blant brukarane som har meldt inn problemet er også fleire svenske Facebook-medlem.

Nokre brukarane fortel at Facebook har lagt til opptil 200-300 nye vener som dei ikkje har tatt initiativ til å leggje til sjølv.

Mange fortel også at kontoen deira sender ut venneførespurnader på deira vegner, blant anna til sjefen, ekskjærasten eller folk dei ikkje kjenner i det heile tatt.

Ein brukar fortel dette på Facebooks hjelpesider:

«Eg er no oppe i over tretti tilfeldige veneførespurnader som er sendt ut, men ikkje av meg. Dette har skjedd over to dagar. Eg har endra passord og har rapportert at kontoen har blitt hacka, men ting har ikkje endra seg.»

Utestengt

Veneførespurnadene har ført til at fleire har blitt utestengt frå sin eigen Facebookonto for misbruk av systemet.

Det skjedde blant anna med Patrick Smith som fortel dette:

«Problemet stoppa til slutt etter at Facebook flagga meg for å sende ut veneførespurnader og spurde om eg ville kansellere alle dei som var sendt. Problemet er berre at eg aldri sende dei ut, og på otppen av alt har eg inga aning om kor mange som har blitt sendt ut og til kven. FB has F’d up somewhere, legg han til.»

Felles for mange av innlegga på hjelpesidene er at dei synleggjer frustrasjon over manglande svar og hjelp frå Facebook.

«Facebook kunne tatt seg råd til menneskeleg hjelp for ting som rammar uskuldige brukarar. Skuffande,» skriv ein brukar.