19.06.2013

Korallrev klarar seg betre enn frykta

Korallrev og havforsuring

  • Bukkar ein korallart under, tar ein annan over. Dersom korallar med greiner blir erstatta av klump-forma korallar kan resultatet bli færre gøymestader for fisk, fryktar forskarane.
  • Verdas største korallrevsystem, Great Barrier Reef, sett frå NASA-satelitten MISR.
  • Korall gyter egg i Kenting National Park i Taiwan i eit bilete frå 13. april i år.
  • Korallar utanfor kysten av Puerto Rico. Biletet viser gryntefiskar som sym rundt svampar og korallar.
  • Lokale forhold som til dømes fisking representerer også ein trussel mot korallrev. Det er dette korallrevet i Tatawa Besar nær Komodoøyene i Indonesia eit døme på. Biletet viser yrande dyreliv på revet 15 mai 2010, før området vart øydelagt av fisking tidlegare i år.
  • Dei same korallområda nær Komodoøyene i mars 2012 liknar eit månelandskap etter fisking med sprengstoff og cyanid.
  • Norske kaldtvasskorallar er oppbygd av arten Lophelia pertusa.

Nokre korallartar blir vinnarar når andre tapar på grunn av klimaendringar, viser studie av Great Barrier Reef i Australia. Norsk ekspert er likevel bekymra for dei norske korallreva.

Dette er korallrev

  • Rev bygd opp av kalkskjelett; hovudsakleg frå korall, men også frå andre organismar med kalkskal (som kalkalgar).
  • Det fins tre typer korallrev: Kystrev, Barriererev og Atollar.
  • Korallreva er svært produktive økosystem, og kjent for sitt rike og varierte dyreliv.

Kjelde: Store Norske Leksikon

Havforsuring

  • CO2-utsleppa medverkar ikkje berre til global oppvarming ved å auke drivhuseffekten, dei fører også til havforsuring.
  • Dette skjer fordi havet tar opp i seg enorme mengder CO2, om lag ein firedel av alt som finst i atmosfæren.
  • Når CO2 er tatt opp i havet, reagerer det med vatnet og dannar karbonsyre som gjer at vatnet blir surare.
  • Utslaga blir større i Arktis enn nokon annan stad på kloden på grunn av eit komplisert samspel mellom havkjemi, temperatur og havstraumar.
  • Verknadene er langsiktige. Viss alle menneskeskapte utslepp av CO2 blei stansa i dag, vil det ta 100.000 år før pH-verdien er tilbake på eit førindustrielt nivå.

Kjelde: IFM-Geomar, Bjerknessenteret for klimastudier / NTB

Eit internasjonalt team av forskarar har utført den hittil største undersøkinga av korleis klima og havforsuring verkar inn på samansetninga av korallrev.

I studien har forskarane undersøkt heile Great Barrier Reef, verdas største system av korallrev.

– Dei gode nyhendene frå denne studien, er at det no ser ut til at fullstendig utsletting av korallrev på grunn av temperatur og pH åleine er lite sannsynleg, seier professor Terry Hughes i ei pressemelding. Hughes er direktør ved ARC Centre of Excelence for Coral Reef Studies ved James Cook University.

Vinnarar og taparar

I alt 35 428 korallkoloniar på 33 rev på Great Barrier Reef frå nord til sør vart studert av korallforskarane.

Dei fann at når utbreiing av ein art minka, såg det ut til å bli auke av ein annan art.

Forskarane valde å studere nettopp Great Barrier Reef fordi vasstemperaturen langs revet varierer med 8–9 grader frå sommar til vinter, og fordi det er store lokale variasjonar i surleiksgrad, pH.

– Med andre ord er det ei naturleg variasjon i temperatur og pH langs lengda av revet som vil vere realiteten fleire tiår framover i tid dersom CO2-utsleppa held fram som no, seier Hughes.

I studien som nyleg er publisert i Current Biology konkluderer korallforskarane med at biletet er langt meir samansett enn ein har trudd tidlegare.

– Biletet som teiknar seg, er av vinnarar og taparar med nokre korallar som får suksess på kostnad av andre. Heller enn massiv øydelegging, vil mange korallrev overleve klimaendringar ved å endre miksen av korallartar etter som havet blir varmare og surare, seier professor Terry Hughes.

– Studien har gjort oss meir positive med omsyn på korallrevas evne til å svare på klimaendringar, seier Hughes.

Samtidig undersrekar Hughes at det også er mange lokale truslar mot dei tropiske korallreva, som til dømes overfiske og forureining.

Great Barrier Reef (Foto: NASA)

Great Barrier Reef er verdas største korallrev.

Foto: NASA

Større problem for norske korallrev?

Våre eigne kaldtvasskorallrev, som er bygd opp av arten Lophelia pertusa, møter kanskje større problem med havforsuring og klimaendringar enn dei tropiske korallane gjer.

Havkjemimodellar for våre havområde tilseier at pH i havet mot slutten av dette hundreåret vil falle så mykje at kalk vil gå i oppløysing.

Marinbiolog Jan Helge Fosså ved Havforskingsinstituttet fortel at medan kalkskjelettet i ein levande korall er beskytta av det levande vevet utanpå, vil denne beskyttelsen ikkje gjelde for dei døde korallrestane som byggjer opp reva.

– Sjølv om korallane klarar å leve under lågare pH, vil ein vanskeleg kunne byggje opp korallrev viss dei døde korallane går i oppløysing, seier Fosså.

– Vi kan godt tenkje oss at norske korallrevkoloniar vil kunne leve, men då som mindre flekkar. Det er mogleg at vi ikkje vil sjå dei store koloniane som vi har no, seier Fosså.

Sjøtrær og blomkålkoraller på grus av Lophelia. (Foto: MAREANO)

Norske kaldtvasskorallar er danna utelukkande av korallarten Lophelia pertusa.

Foto: MAREANO

– Ingen andre kan overta

Medan dei tropiske korallreva har mange ulike korallartar som byggjer opp reva, er våre nordlege kaldtvasskorallrev berre bygd opp av arten Lophelia pertusa.

– Viss denne får problem, er det ingen andre som kan overta, seier Fosså.

Geologiske funn tyder på at Lophelia er ein eldgammal art, kanskje titals millionar år.

– Det kan vere indikasjon på at den er seigliva, og at den er tilpassa ein del naturlege miljøendringar. Dei seinaste eksperimenta tyder på at Lophelia kan tilpasse seg lågare pH, seier Fosså.

– Men kjemikarane reknar med at ein skal endå lenger bakover i historia for å få forhold som vi kan få, seier Fosså.


Teknologi og data

Google-ballonger sprer internett

30 supertrykkballonger er sendt opp fra New Zealand. – Foreløpig på eksperimentstadiet, sier Google.

– Vil være ødeleggende for tilliten

Datatilsynet omtaler overvåkingsavsløringene som «svært alvorlig», men vil ikke felle dom før alle fakta er på bordet.

Helikopter styres av tankene

– Vi ser for oss at teknologien kan brukes til å kontrollere rullestoler, kunstige armer og ben, eller andre enheter, sier professor Bin He.

Nordmenns Instagram-bruk i økning

Bildetjenesten Instagram er i stadig vekst, og brukermassen i Norge er nesten doblet på et halvt år.

Verdens mest berømte brille

Den er ennå i utviklingsstadiet og de færreste har prøvd den. Likevel har flere virksomheter allerede lagt ned forbud mot Google Glass, og eksperter frykter for personvernet.

Hevder iPhone-ladere kan hackes

Forskere har laget en lader som kan overføre ondsinnet programvare til Iphone på under ett minutt. Dataekspert Gisle Hannemyr, mener det kun var et spørsmål om tid før dette ble mulig.

Målar bilete med tankekraft

Forskarar har utvikla dataprogram som gjer det mogleg å måle digitale bilete med hjernen.

Algoritme oppdager leukemi

Student fra Florida har lært datamaskiner å diagnostisere leukemi og brystkreft.

Hodebånd hjelper deg å fokusere

Bedre konsentrasjon med et bånd på hodet, sier du? Hodebåndet Melon måler hjerneaktiviteten din og hjelper deg med å fokusere bedre.

Klima og miljø

Oljeverdens Mordor

Å reise rundt i de store oljeutvinningsområdene i Sibir er som å være på vei til Mordor i Ringenes Herre. Den skyldige er Statoils nye partner i Russland.

Klimamål avheng av nytt supernett

–Og det er moglegheit for at norsk vasskraft kan gi stabilitet til det europeiske supernettet, trur Statnett.

Døde områder vokser i verdenshavet

Rundt omkring i verdenshavet er det områder med så lavt oksygeninnhold at det bare er bakterier som lever der – og de områdene vokser. Det kan bidra til den globale oppvarmingen, mener dansk forsker.

Spår at miljø vert ei taparsak

Unge er mindre opptekne av klimaspørsmål enn ved førre stortingsval. Valforskarar har liten tru på at miljø vert nokon vinnarsak i valkampen.

Obama og Xi sammen mot klimaendring

Kina og USA har utpekt hydrofluorkarboner som en felles fiende i kampen for å redde klimaet.

Fortsatt stor klimaskepsis i Frp

Ingen av Frps listetopper er enige med FNs klimapanel i at klimaendringene først og fremst er menneskeskapte. I helga skal partiet avgjøre hvor klimaskeptiske de skal være.

Astronomi og romfart

Bekrefter meteorittfunn

Steinen som ble funnet i Setesdasheiene er en meteoritt - og dermed en av de største som er funnet i Norge noensinne. – Som å vinne i Lotto, sier ekspert.

Største meteoritt siden 1902

Geolog har funnet det som høyst sannsynlig er en 4,5 kilo tung steinmeteoritt i Setesdalsheiene - i så fall den største som er funnet på over 100 år.

Ny stjernetype overraskar

– Det at denne nye typen variable stjerner faktisk eksisterer, er ei utfordring for astrofysikarar, seier forskar bak funnet.

Jordnær asteroide har måne

NASA oppdaga 600 meter brei måne i bane rundt jordnær asteroide.

Farlig stråling for Mars-astronaute

Curiosity rapporterer om massiv stråling på ferden til Den røde planet.

Slik blir meteorittar til

Meteoroide, meteor og meteoritt – vi guidar deg gjennom meteorittens millionar år lange reise til jorda.

Sjekk ut mikrometeorittene

Jorda kryr av mikrometeoritter - her kan du se noen av dem.

ESA-senter skal overvake asteroidar

Eit nytt europeisk senter skal oppdage asteroidar og kometar på kollisjonskurs med jorda.

Se Meteorittkveld her

15. februar i år eksploderte en meteoritt over den russiske byen Tsjeliabinsk. Nedslaget satte en støkk i forskere verden over fordi ingen visste at den kom. Hva kan vi lære av steinene fra himmelen? Hvordan kan vi beskytte oss mot dem og når kommer den neste?