Hopp til innhold

Ørkenmaur luktar seg heim på anden til andre maur

Forskarar har funne at maur kan bruke vibrasjonar eller magnetisme for å finne vegen heim. Dei kan også lukte seg tilbake til heimen på anden til andre maur.

Ørkenmaur i eksperimentbane

Maur kunne finne vegen heim når det einaste landemerket som fanst var vibrasjonar i bakken nær holet.

Foto: Elisa Badeke, Max Planck Institute for Chemical Ecology

For ørkenmaur er det å finne veg heim til rett hole i bakken eit spørsmål om liv og død. Om dei tar feil, risikerer dei nemleg å bli drepne av fiendtlege maur.

Derfor har ørkenmaur utvikla ekstremt gode evner til å finne tilbake etter at dei har vore på matsanking.

No har forskarar ved Max Planck Institute for Chemical Ecology i Tyskland oppdaga at maur kan nytte magnetiske og vibrerande landemerke for å finne vegen heim att.

I tillegg fann dei også at mauren kan lukte seg fram til heimen ved hjelp av karbondioksid frå pusten til sine kollegamaur. Resultata er nyleg publisert i tidsskrifta PLoS ONE og Current Biology.

Sjå video som viser korleis forskarane sette opp duftforsøk i ørkenen i Tunisia:

Video Maureksperiment

– Overraska

Ørkenmaur er tilpassa eit liv i aude omgivnader der det finst svært få landmerke som dei kan orientere seg etter.

Frå før er det kjent at maur kan nytte navigere etter sola, og at dei også kan telje stega sine for å finne vegen tilbake til den underjordiske heimen som berre er eit hol i ørkenbakken.

Men ingen av desse metodane er feilfrie, difor nyttar mauren også visuelle landemerke for å finne vegen raskt.

Dei tyske forskarane ville undersøke om maur også kunne bruke magnetiske eller vibrerande landemerke dersom ingen andre landemerke var tilgjengelege.

– Vi var svært overraska over at dette faktisk viste seg å stemme, seier PhD-student Cornelia Buehlmann i ei pressemelding.

Opplærte maur fann vegen utan vanskar når forskarane hadde grave ned eit batteridrive vibrerande instrument i bakken ved inngangen til heimen.

Like leikande lett gjekk det for mauren å finne heim då forskarane plasserte sterke magnetar ved holeinngangen.

Har ikkje magnetisk sanseorgan

Forskarane forstår enno ikkje korleis mauren kan merke det kunstige magnetiske feltet omkring hola.

Men dei trur ikkje dette betyr at mauren har eit sanseorgan som kan måle magnetiske felt.

– Oppførselen deira kan også komme av at uvanlege elektriske signal i nervesystemet på grunn av det sterke magnetiske feltet, som mauren kunne memorisere, seier Markus Knaden ved Max Plancks institutt for kjemisk økologi.

Forskarane si hypotese er at maur som lever på ekstremt ugjestmilde stader har tilpassa seg til å bli svært fleksible og kan nytte alle formar for navigasjon.

Kan lukte CO2

Eksperiment på ørkenmaur i Tunisia viste at mauren også kan nytte luktesansen til å finne vegen heim.

Maur kan lukte karbondioksid frå pusten til andre maur, og denne lukta gir mauren signal om at dei nærmar seg heimen.

Men dersom mauren vart sett ned nær inngangen for hand ville han derimot ikkje følgje luktsporet til hola.

Mauren stolar altså meir på dei andre navigasjonsmetodane enn på karbondioksid.

Dei ville berre følgje duftsporet når all anna informasjon fortalde dei at heimen var nær.

PhD-student Cornelia Buehlmann med tilskodarar

PhD-student Cornelia Buehlmann studerer maurens navigasjonsevner i ørkenen iTunisia. Lokale barn studerer forskaren i arbeid.

Foto: Max Planck Institute for Chemical Ecology/Badeke