Hopp til innhold

Denne fuglen kan fly Bergen-Oslo 40 gonger utan stans

Den er grå, keisamt og ikkje spesielt pen. Men skinnet bedrar. Møt lappspoven, superfuglen som kan fly lengre utan stans enn nokon andre på jorda.

Lappspove
Foto: U.S. Fish and Wildlife Service

Medan du les dette sit lappspoven parat og ventar i Alaska på at vinden skal ta seg opp og blåse hans veg. Han et alt han klarar, og doblar vekta før han skal leggje ut på verdas lengste flytur.

Ein kvinneleg versjon av lappspoven satt verdsrekorden i 2007. Ho flaug 11 680 kilometer på 8,1 dag. Heilt utan stans.

Det tilsvarar 40 gonger avstanden mellom Bergen og Oslo.

Hjernen går i «kvilemodus»

Rekordfuglen starta ved Avinof-halvøya vest i Alaska, og enda ved elva Thames på Nordøya i New Zealand. Det vart målt med satelittsporing av radiomerkte fuglar.

Fuglane startar på reisa når dei merkar at ein storm er på veg. Dei legg ut på den lange turen i ein gjennomsnittleg fart på 55 kilometer i timen.

Halvegs på reisa, når dei kjen til ekvator, er det ikkje noko meir hjelp å få frå vinden. Herfrå må dei klare seg vidare sørover på eiga hand. Den ni dagar lange flyturen tek så mykje energi at fuglane mister halve kroppsvekta si når dei flyg.

Fuglane får hverken sove, spise eller drikke på reisa som kan ta opp til ni dagar.

Å halde seg i lufta så lenge i strekk gjer at fuglen må hente energi på andre måtar. Den gjer det blant anna ved at den eine hjernehalvdelen går i kvilemodus.

Flyvebane Lappspoven

Teikning av ruta som lappspovane nytta frå New Zealand på trekk nordover, etter satelittsporing.

Foto: USGS Alaska Science Center

Einar Strømnes er zoolog ved naturhistorisk museum i Oslo, og seier at fuglen har ein unik fysikk som gjer det mogleg å fly nesten halve jorda rundt.

Pustar på inn- og utpust

Korleis er det mogleg for ein fugl å fly i 9 dagar utan stans?

– Slike trekkfuglar er ekstremt tilpassa det å fly. Til dømes er jo dette med lungene viktig. Lufta passerer først gjennom lungene ein gong, og går deretter ut til skjelettet og luftsekker i kroppen. Lufta går så tilbake gjennom lungene enda ein gong til. Så dei har oksygenopptak både på innpust og utpust, seier Strømnes.

Grunnen til at fuglane vel å fly den gigantiske avstanden i eitt strekk er rett og slett at det ikkje finst landområde mellom Alaska og stillehavsøyane, trur Strømnes.

Einar Strømnes

Zoologen Einar Strømnes meiner lappspoven har ein sjette sans som lar den finne vegen.

Foto: Universitetet i Oslo

– Det er jo ingen som har intervjua dei, men at det er lite rasteplassar på ruta er nok viktig. Det er uansett lite våtmarker å stoppe på dersom dei hadde flydd omvegen over land, så her har dei valt den strake vegen over havet.

Har ein sjette sans

Det har lenge vore eit mysterium korleis fuglane klarar å navigere på ein halvkule der mange av dei aldri før har vore. Strømnes peikar på at fuglane kan ha arva eit genetisk kart over verda, som er samla opp gjennom mange generasjonar før dei.

Dagens bilde 21.mai - fuglekongen

Lappspoven står i sterk kontrast til Fuglekongen. 99 prosent av dei dør når dei kryssar Skagerrak.

Foto: Aasmund Lunde

I tillegg viser han til ny forsking som seier at fuglane har eit protein i netthinna som reagerar på magnetisme. Dette er kopla opp til synssenteret, så dei kan må mange måtar sjå retningane dei flyg i.

Det er i dag mogleg å lage eit kart med sterke og svake magnetfelt over verda. Strømnes seier at lappspoven kan sjå noko tilsvarande til dette.

– Me kan seie at dei har ein sjette sans, seier Strømnes.

Trass den anonyme utsjånaden er altså ikkje lappspoven noko pinglefugl. Det er ein forholdsvis stor fugl, og tåler mykje meir uvêr og dårlege tilhøve enn mindre trekkfuglar.

– Fuglekongen, som er den minste fuglen i Nord-Europa, plar å trekke frå Noreg til kontinentet. Av dei dør nærare 99 prosent når dei skal krysse Skagerrak. Det seier litt om fysikken til lappspoven, avsluttar Strømnes.