Hopp til innhold

Testdukke skal gjere bilar meir kollisjonssikre for kvinner

Bilar er mindre whiplashtrygge for kvinner enn for menn, viser svensk forsking.

Kvinnelig krasjtestdukke

Kvinna gjer inntog i kollisjonstest-laboratoriet, i form av verdas første kvinnelege krasjtestdokke.

Foto: Chalmers Tekniske Högskola

Kollisjonsforsøk gjort av svenske trafikkforskarar viser at dagens bilsete er for harde for å beskytte kvinner godt mot nakkeslengskadar (sjå faktaboks) under ein kollisjon.

Dei har no utvikla verdas første kvinnelege krasjtestdukke for at bilprodusentane skal kunne lage bilane meir whiplashsikre for kvinner.

– Blir som ei trampoline

Kollisjonstestar på levande menneske i låg fart viste at kvinna vart kasta raskare framover enn mannen fordi stolryggen gir mindre etter for kroppen hennar enn ein tyngre mann.

– I og med at kvinna er lettare enn mannen får ho eit raskare dytt framover, og det medverkar sikkert til at akselerasjonen blir høgare. Dessutan får ho også eit svært kraftig kast framover i beltet, fortel forskar Anna Carlsson ved Chalmers til NRKs Schrödingers katt.

– Kva kan bilprodusentane gjere annleis?

– Stolane bør bli mjukare, mindre stive. Ved ein påkjørsel bakfrå blir det som ei trampoline som gjer at ein blir kasta framover. Eg hadde gjerne sett at dei kunne gjere «puffet» litt mjukare, seier Carlsson.

Mannleg og kvinneleg testdukke

Mannlege krasjtestdokker har lenge råda grunnen i bilfabrikantane sine kollisjonstestar. No er ein kvinneleg variant komme på banen.

Foto: Chalmer Tekniske Högskola

– Menn betre verna

Krasjdokka var forskingsleiar Astrid Linder ved VTI (Statens väg- och transportforskningsinstitut) sin idé. Ho leiar EU-prosjektet ADSEAT som har som mål å motverke whiplash-skader. Linder såg at nye whiplashsikre bilar først og fremst hjelpte menn:

– Eg såg av skadestatistikken at det kom inn informasjon om at menn vart betre verna mot whiplashskadar av dei nye vernesystema som vart utvikla, mens kvinner framleis hadde ein høgare risiko, seier ho til NRK Schrödingers katt.

– Ønsket er at alle køyrande skal ha eit så bra vern som mogleg, seier Linder.

– Som hovudregel gjeld det å utforme eit vern for den minst robuste delen av befolkninga før dei meir robuste. Det omvendte gjeld ikkje nødvendigvis, som vi har sett med utforming av whiplashvern.

SE VIDEOINNSLAG HER:

Bilar er mindre whiplashtrygge for kvinner enn for menn, viser svensk forsking.Kvinneleg testdukke skal gjere bilar meir kollisjonssikre for kvinner.

Se video: Krasjdukke for kvinne-kollisjonar

Kvinne-testdukka BioRID 50 F, som er utvikla ved Chalmers i samarbeid med blant anna VTI og Volvo, eksisterer førebels berre som ein grov prototype. Forskarane håper på sikt å kunne utvikle ho til ei ordentleg krasjtestdukke.

Linder fortel at det er interesse hos bilfabrikantane i å gjere testar med kvinneleg krasjtestdukker, i første omgang med virtuelle dokker.

– Forhåpentlegvis kjem ein testmetode som omfattar også ei kvinnedokke til å oppmuntre bilprodusentane til å installere vernesystem som automatisk tilpassar stolen til kvart individ. Det kjem både kvinner og menn av ulike kroppstorleikar til å få nytte av, seier Anna Carlsson.

Schrödingers katt har sending torsdagar kl. 19.45 på NRK1.