Hopp til innhold

ESA har signal frå kometlander Philae

Landingsfartøyet Philae har forlate morskipet 500 millionar kilometer unna jorda og skal lande på ein komet som suser av garde i 66.000 kilometer i timen.

Rosetta tok dette bildet av Philae like etter separasjon

Farvel, Philae! Rosetta tok dette biletet av landingsfartøyet Philae like etter separasjon.

Foto: ESA/Rosetta/MPS for OSIRIS Team MPS/UPD/LAM/IAA/SSO/INTA/UPM/DASP/IDA

Like etter klokka 12 fekk ESA dei første signala frå Philae.

10.04: ESA stadfester at landingsfartøyet Philae har forlate morskipet Rosetta.

– No har vi gitt frå oss kontrollen som vi har hatt over dette fartøyet i ti år. No er det opp til Isaac Newton og dei fysiske lovene, sa ein talsmann for ESA.

Laster Twitter-innhold

Følg reaksjonane frå ESAs kontrollsenter i direktestraumen over. Følg også oppdateringane våre på Twitter: @NRKViten

– Rakett-trøbbel

Landingsfartøyet Philae blir dytta ut frå Rosetta.

Landingsfartøyet Philae vart separert frå morfartøyet Rosetta kl. 09.35. Biletet er ein illustrasjon.

Foto: ESA/ATG medialab

Under ein sjekk av tilstanden til landingsfartøyet Philae i går kveld vart det klart at raketten som skulle fyrast i møtet med kometen, ikkje lar seg slå på.

Rosetta og landingsfartøyet Philae er likevel klarert for separasjon klokka 09.35, norsk tid.

På grunn av den enorme avstanden, 500 millionar kilometer unna jorda, vil vi først vite klokka 10 om separasjonen har gått etter planen.

Når Philae treffer overflata skal den skyte ut harpunar for å gripe fast i kometen. Raketten på toppen av Philae skulle då fyrast av for å motvirke rekylen frå harpunutskytinga.

– No må vi lite fullt ut på harpunane ved touchdown, seier landingssjef Stephan Ulamec ved German Aerospace Center i ei melding frå ESA.

–Vi treng litt flaks slik at vi ikkje landar på ein kampestein eller ein bratt bakke, seier han.

–Stemninga er nærast ved bristepunktet, sjølv om vi ikkje trur dette er av kritisk betydning, sa romfartsekspert Erik Tandberg til NRK tidlegare i dag.

–Slår Curiosity-landing i vanskeleggrad

Landingsstaden for Philae på kometen 67P

Her skal Philae lande. Om alt går som det skal, vel å merke.

Foto: ESA/Rosetta/MPS for OSIRIS Team MPS/UPD/LAM/IAA/SSO/INTA/UPM/DASP/IDA

På grunn av den svake tyngdekrafta til kometen er det ein stor fare for at landingsfartøyet vil sprette av overflata.

Kometen 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko har ei tyngdekraft som utgjer berre om lag 1/100.000 del av jordas tyngdekraft. Mens Philae er 100 kilo på jorda, veg han dermed berre 1 gram på 67P.

Utan hjelp frå raketten for å halde seg nede, må Philae lite på harpunane og tre isskruar for å halde seg fast på den isete kometoverflata.

– Vanskelegheitsgraden for Philaes kometlanding slår Curiositys kompliserte landing på Mars i 2012. Det sa project scientist Matt Taylor i ESAs Rosetta-team i ei spørsmålsrunde på Twitter tysdag kveld.

– Vi hadde to månader på å bestemme oss for ein landingsstad på eit objekt som vi ikkje kunne noko som helst om 12 månader tidlegare. Det viser kor bra dette er, sa Taylor.

Taylor er for øvrig så trygg på at landinga kjem til å gå bra, at han alt har tatovert hendinga på låret sitt.

Dette var riktignok før det vart klart at raketten ikkje lar seg aktivere.

Ingen retur-billett

Sonden blir "sjøsett" frå morfartøyet i ein avstand av om lag 23 kilometer over kometen, og deretter vil den falle i sakte fart ned mot overflata.

Cirka klokka 17 i dag vil fartøyet etter planen bumpe ned på overflata av kometen i ein fart som tilsvarer roleg gangfart, ein meter per sekund.

28 minutt etter vil vi vite om landinga har vore vellukka.

Dersom Philae lukkast i å lande, skal han etter planen sende heim bilete så snart som mogleg etter landinga.

Philae har ingen retur-billett, 67P blir landingsfartøyets endestasjon. Her skal Philae skal etter planen kunne halde seg «i live» fram til mars 2015.

Etter denne datoen vil dei låge temperaturane (ned mot minus 170 grader) føre til at enkelte delar vil slutte å fungere. Men før det skjer håpar forskarane på å få uvurderlig ny kunnskap om solystemets mest mystiske objekt, dei langvegsfarande kometane.

Sjå ei tidslinje for landinga her.

Tidslinje for Philaes kometlanding

Dette er dei viktige hendingane for Philaes landing på kometen 67P.

Interessert i ei endå meir detaljert tidslinje? Det finn du her