NRK Meny
Normal

Norske baneberekningar avgjerande for historisk kometferd

Når romsonden Rosetta skal lande på ein komet i år, er utrekningar gjort av norske forskarar avgjerande for om prosjektet lukkast.

Rosetta ved kometen 67P/Tsjurimov-Gerasmenko

Som første romfartøy skal romsonden Rosetta lande på overflata av ein komet i november i år.

Foto: NASA / illustrasjon

Etter snart ti år på reise i rommet, er den europeiske romsonden Rosetta snart klar til å ta fatt på ei svært ambisiøs oppgåve som aldri tidlegare er utført, nemleg å innhente ein komet i bane og lande på overflata.

20. januar klokka 11 norsk tid vil Den europeiske romfartsorganisasjonen, ESA, vekke Rosetta frå dvalen som sonden har vore i dei siste to og eit halvt åra.

På dette tidspunktet er det 3 tonn tunge romfartøyet heile 800 millionar kilometer unna jorda, i ei bane nær Jupiter. Sidan sonden er så langt unna, vil signal frå romsonden bruke 45 minutt på å nå fram til jorda.

Så snart sonden gradvis blir slått på, er målet å innhente kometen 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko som han skal lande ein landingsmodul på i november.

Ferda kostar 1000 millionar euro, og er det vanskelegaste oppdraget ESA har lagt ut på til no.

I tillegg til å sprenge grensene for romteknologi, håpar vitskapsfolk at Rosetta-ferda skal kunne gi oss ny kunnskap om dei mystiske kometane, som er blant solsystemets minst forståtte objekt. Det finst teoriar om at desse skitne snøballane, som består av materiale frå solsystemets byrjing, kan ha brakt både vatn og liv til jorda.

Sjå video som viser korleis Rosetta skal vekkast etter dvalen:

– Ingen garanti

Kaare Aksnes

Professor emeritus Kaare Aksnes.

Foto: Uio

Ein av dei som er spente på om Rosetta lukkast, er professor emeritus Kaare Aksnes ved Universitetet i Oslo.

Som medlem av Rosetta-teamet Radio Science Investigation har Aksnes si forskargruppe gjort berekningar som vil vere svært avgjerande for om ferda lukkast.

Forskargruppa har vore med på å planleggje korleis radioinstrumenta om bord i Rosetta best kan nyttast til presis utrekning av romsondens bane, og til å måle kometkjernens masse, struktur og samansetning.

Det viktigaste bidraget frå Aksnes si gruppe er simuleringar av moglege baner omkring kometen.

– Valet av bane for romsonden rundt kometen har kritisk betydning for at prosjektet skal lukkast, seier Aksnes til NRK.no.

– Går sonden for nær inntil kometen, vil han kunne krasje i den. Samtidig er det også moglegheit for å krasje i partiklar som blir frigitt frå kometen.

– Dette er ein høgrisiko-situasjon, her er alle moglegheiter for at ting kan gå gale. Det har jo skjedd mange gongar tidlegare i historia også, seier Aksnes.

– Vanskelegaste ESA-oppdrag til no

Forskingssjef i Norsk Romsenter, Terje Wahl, er også svært spent på Rosettas vegne i året som kjem. Som medlem i ESA har Noreg vore med på å spleise på ferda. Kongsberg Defence and Aerospace har også levert teknisk utstyr til romsonden.

– Det spenstigaste ESA har gjort så langt, var då dei klarte å lande trygt på Saturns store måne Titan i 2005. Men dette er i ein viss forstand endå vanskelegare, for her kan du ikkje berre sleppe deg ned med ein fallskjerm. Denne kometen har så liten tyngdekraft at ein må manøvrere seg inn, seier Wahl til NRK.no.

–Teknologisk vil det vere banebrytande å kunne lande på ein komet, og i tillegg vil ein kunne finne ut meir om kva prosessar som skjer i ein komet i den mest aktive fasen rundt sola, og kva stoff som finst i kometen, fortel Wahl.

Skal sirke rundt kometen

Etter at sonden blir vekka til live igjen og gradvis blir slått på, er planen at han skal ta igjen kometen 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko som enno er millionar av kilometer unna. I løpet av månadane mai – juli skal Rosetta lokalisere målet sitt med hjelp av eit kraftig teleskop om bord, og gjere dei nødvendige endringar i banen sin.

I august er kometjegeren framme ved byttet sitt, men enno er bakketeamet langt unna å kunne lande på overflata.

– Vi har modellar, men veit ikkje nøyaktig korleis kometen ser ut. Først når vi veit nøyaktig korleis kometen ser ut, kan vi våge å lande, forklarte leiar for mission operations, Paolo Ferri, på ein pressekonferanse om ferda før jul.

I perioden august til oktober vil romfartøyet Rosetta derfor sirkle rundt kometen for å danne seg eit detaljert bilete av korleis han ser ut.

Sjølve landinga skal skje i november, ved at landingseininga Philae losnar frå Rosetta. Deretter skal Philae og Rosetta følgje kometen i det han passerer sola på det næraste

Sjå ein video frå ESA som viser korleis landinga skal skje:

– Risikospel å flytte teknologiske grenser

Mykje står på spel for ESA i året som kjem. Sjølv om Rosetta har gjort viktige vitskaplege målingar undervegs ved passering av asteroidarne Steins i 2008, og Lutetia i 2010, er det 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko som er hovudmålet.

– Rosetta har produsert noko vitskap allereie, men viss det skulle bli med dette ville det bli stussleg. Går det heilt gale er det sabla trist, ikkje minst fordi det har vore ei lang ferd, med forskarar som har designa og bygd instrument, som no sit og ventar. Det vil bli ein del tårer nedover i Europa om dette skulle gå gale, seier Wahl.

– Men det er eit risikospel når ein flytter teknologiske grenser, minner han om.