Hopp til innhold

Suksess for Curiosity

NASA jublar etter vellukka landing på Mars. – Roveren blei sett ned pent som eit egg, seier norsk astrobiolog.

Dei første bileta frå Curiosity si landing på Mars kjem inn til det amerikanske riomforskingssetneret i Los Angeles.

Dei første bileta frå Mars-landinga

Det var vill jubel i kontrollrommet då Curiosity sette gummidekka på overflata av Mars klokka 07.33 norsk tid, om lag klokka 15 lokal Mars-tid.

– Dette er fantastisk, eg er litt småskjelven av glede, seier astrobiolog Hans Amundsen til NRK.no. Amundsen følgde landinga frå Noreg via streaming frå NASA.

– Enormt stor bragd

NASA jubel

Jubel i kontrollrommet i det meldingane kjem om at Curiosity har klart landinga.

Foto: NASA,

– Roveren blei sett ned pent som eit egg, han har sagt frå at han har det fint, og har alt sendt frå seg dei første bileta. Det er ingen grunn bekymring, fortel Amundsen.

På pressekonferansen i etterkant av landinga sparte ikkje NASA på sjølvskryt, men Amundsen synest det er heilt greitt.

– Amerikanarane har all grunn til å slå seg på brystet. Europearane har også vore med, men dette er noko amerikanarane har fått til. Det dei har gjort er ei enormt stor bragd, seier han.

Curiositys skygge på Mars

Curiosity skugge i eitt av dei aller første bileta roveren sender heim etter landinga.

Foto: NASA

Komplisert landing

Curiosity har gjennomført ei svært komplisert landing, som til og med NASA-ingeniørar sjølv hadde karakterisert som galskap på førehand.

Mars-roveren, som er NASAs nyaste Mars-laboratorium, representerer 15 milliardar kroner og tusenvis av årsverk. Spenninga var derfor naturleg nok stor før den kompliserte landinga.

– Det er så mange biljardballar som skal trille ned i riktig hol i riktig rekkjefølgje at det er mykje som kan gå gale her, sa astrobiolog Hans Amundsen til NRK før landinga.

– Viss Curiosity klarar den kompliserte landinga på Mars måndag vil eg seie det er ein heilt fantastisk prestasjon.– Sjølv om landinga teoretisk skal gå, er det veldig mykje som kan gå gale, sa romfartsekspert Erik Tandberg ved Norsk Romsenter på førehand.


Sjå grafikk som viser detaljane for landinga:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Landa i krater

Landingsstaden til Curiosity er ved foten av eit 5 kilometer høgt fjell, Sharp-fjellet, inne i eit krater som blir kalla Gale.

– Det som er spesielt med Galekrateret er at der har nedslaget og holet avdekka dei eldste bergartane som er på Mars, fortel Amundsen.

Frå sondar som tidlegare har flydd over krateret veit ein at her finst det vasshaldige mineral, noko som betyr at her har det eksistert vatn på eit eller anna vis tidlegare.

– Først skal Curiosity berre myse rundt, så skal han prøve å finne desse vasshaldige laga, og deretter skal han også sjå etter organiske sambindingar i desse miljøa, forklarar Hans Amundsen

Curiosity skal finne ut om miljøet på Mars nokosinne har vore tilrettelagt for liv, men roveren har ikkje med seg utstyr for å avsløre livsprosessar for eventuelt mikrobiologisk liv som lever på Mars i dag.

Det rullande laboratoriet kan heller ikkje avsløre spor etter fossile mikroorganismar.

Men roveren kan gjere viktig forarbeid for framtidige oppdrag der det blir mogleg å teste for liv.

Dei første bileta

Dei første bileta frå Curiosity kom allereie nokre få minutt etter landing.

Bileta er lågoppløyselege bilete til bruk for ingeniørane, og dei er tatt med eit såkalla Hazcam, eitt av fire kamera som er plassert framme og bak på sjølve kroppen til Curiosity.

Signala vart sendt vidare til jorda via Mars-sonden Odyssey som går i bane omkring planeten.

Større fargebilete frå andre kamera er venta seinare denne veka når roveren faldar ut masta, eller «hovudet», som har fleire høgoppløyseleg-kamera.

Roveren har totalt 12 kamera.

Curiositys omgivnader

Eitt av Curiositys seks hjul synest på dette biletet som er tatt nokre få minutt etter landing. Øvst til venstre kan ein skimte roverens kraftforsyning som består av eit lite atomkraftverk.

Foto: NASA/JPL-Caltech

– Verdas kulaste feltgeolog

Den nesten eitt tonn tunge roveren som er på storleiken med ein Mini-morris har eit større kraftbehov enn dei eksisterande roverane på Mars-overflata. Derfor går han ikkje på solcellepanel, men er utstyrt med eit eige atomkraftverk på ryggen.

I tillegg har han ei imponerande samling av avanserte instrument om bord, bygd inn i ryggen og kroppen.

Med desse instrumenta kan roveren analysere prøvar som robotarmen tar.

– Han er eit fantastisk rullande laboratorium, eigentleg er han verdas kulaste feltgeolog, seier Amundsen som har vore med på å teste ut nokre av Curiositys instrument på Svalbard.

No er feltgeologen på plass, og klar til å utforske naboplaneten for oss.

Les meir om Curiosity på NASAs nettsider