Meteoren som eksploderte over Tsjeliabinsk i Russland 15. februar i år var ei kraftig påminning om kor sårbar jorda er for meteorittnedslag.
Nedslaget tilsvarte energien til 30 Hiroshima-bombar, blåste ut vindauge i 7000 bygningar i regionen og førte til at hundretals menneske måtte søke legehjelp.
- Les også:
- Les også:
Eit nytt europeisk asteroide-overvakingssenter i regi av den europeiske romfartsorganisasjonen, ESA, skal no auke den globale innsatsen for å oppdage asteroidar og kometar som kan råke jorda.
Med dette får amerikanarane, som til no har hatt eineansvaret for å katalogisere jordnære objekt, hjelp til å samle inn data om truande objekt frå rommet.
– Europa har no lagt ut på ein veg for å følgje med på jordas kollisjonsfare, noko som er enormt viktig når det gjeld meteorittar på storleik med han som utrydda dinosaurane, fortel forskingssjef Terje Wahl i Norsk Romsenter til Schrödingers katt.
- Les også:
Evakuering
Asteroide-senteret, som ligg i Italia, skal koordinere observasjonane av såkalla jordnære objekt som kan komme på kollisjonskurs med vår planet.
Rapportane kjem frå europeiske amatørar, profesjonelle teleskop på bakken og satellittar i verdsrommet. Når dei finn ein ny asteroide bereknar dei faren for sammenstøyt med jorda.
Dersom ESA-senteret skulle oppdage ein romstein på kollisjonskurs med ein stad på jorda, vil storleiken på objektet avgjere kva tiltak dei set inn.
Er det snakk om ein mindre stein, som i Russland, vil det mest aktuelle vere evakuering.
Senteret vil sette opp varslingsrutinar for kven som skal få beskjed når det er fare for eit nedslag.
- Les også:
Skulle det derimot vere eit større objekt som er på kollisjonskurs med jorda, vil ein forsøke å bøye av asteroiden slik at han unngår å treffe oss.
Ein måte å gjere dette på kan vere å krasje ein romsonde inn i romsteinen. NASA viste i 2005 at dette er mogleg, då Deep Impact-ferda sende ut ein batteridriven sonde som trefte kometen Temple 1.
– Russland-meteoritt ein vekkar
Trass ny satsing på området er forskarane enno langt unna å kunne varsle objekt på storleiken med Tsjeliabinsk-meteoritten.
– Det er heilt klart at det største fokuset er på dei asteroidane som er farlege for livet på jorda. Dei må vi finne. Teknisk sett er det svært mykje vanskelegare å varsle alle desse mindre som kjem, og dei kan komme brått, seier Wahl.
Mens astronomane var opptekne med å følgje med på asteroiden 2012 DA14 som sneia jorda 15. februar, sneik Tsjeliabinsk-meteoren seg usett forbi alle radarar, og kom bokstaveleg talt ut av det blå.
Meteorittnedslaget i Tsjeliabinsk viste også forskarane at små steinmeteorittar er svært mykje farlegare enn ein tidlegare har trudd, fordi dei eksploderer i atmosfæren og sender farlege trykkbølgjer mot bakken.
– Russlandmeteoren gav oss ein vekkar. Kanskje har offentlegheita større behov for informasjon om også desse små meteorane, sjølv om dei teknisk er svært mykje vanskelegare å finne, seier Wahl.
Sjå Schrödingers katt: Meteorittkveld i kveld på NRK1 og NRK2 kl. 19.45-22.30.