Hopp til innhold

Toppsjefen seier det var feil å gi Marte sparken

Eigaren av selskapet Marte Deborah Dalelv jobba for, seier no at det var heilt feil å gi henne sparken. Ho kan få tilbake jobben sin i selskapet, seier han.

Marte Deborah Dalelv med sitt norske pass

Marte Deborah Dalelv kan få tilbake jobben sin, seier toppsjefen i selskapet ho jobba for.

Foto: Kamran Jebreili / Ap

Svenske Thomas Lundgren er eigar av det Dubai-baserte interiørselskapet The ONE . Marte Deborah Dalelv jobba for Al Mana Interiors i Doha i Qatar, eit underselskapet av The ONE, då ho i mars i år var på ei jobbreise i nabolandet Dubai. Her skal ho ha blitt valdteken av ein kollega og seinare dømd til 16 månaders fengsel.

Ho kom tilbake til Noreg i dag, etter å ha opphalde seg ufrivillig i Dubai i fleire månader.

Marte Deborah Dalelv etter benådningen

Marte Deborah Dalelv kom tilbake til Noreg onsdag.

Foto: Sigurd Falkenberg Mikkelsen / NRK

I eit intervju med avisa Arabian Business seier Thomas Lundgren at det ikkje var rett av selskapet å sparke henne frå jobben, og at Al Mana burde ha halde stillinga hennar open til den rettslege prosessen var ferdig.

– Heilt feil

– Det var heilt feil å sparke henne. Det var totalt unødvendig, seier han i intervjuet med den arabiske næringslivsavisa. Han legg til at ho når som helst kan få tilbake jobben sin i selskapet.

Dalelv fekk oppseiinga skriftleg i eit brev frå sjefen for Al Mana Interiors, Wissam Al Mana. Her heitte det at ho på grunn av uakseptabel og upassande framferd under forretningsreisa til Dubai, som har ført til at ho vart arrestert, var oppsagt i selskapet. Dette brevet vart sendt 9. april.

– No handlar det om kva Dalelv sjølv vil. Ho må fortelje meg kva ho ynskjer og eg vil hjelpe henne med alt ho treng, seier Lundgren i intervjuet. Han legg til at han også vil hjelpe mannen som er skulda for å ha valdteke den norske kvinna.

Han konstaterer at dei ikkje veit kva som har skjedd, at det er påstand mot påstand om det var valdtekt eller ikkje.

LES OGSÅ: Norsk reiselskap boikotter reiser til Dubai

LES OGSÅ: Marte Dalelv reiser hjem i natt

Jobbreise i Dubai

Interiørarkitekten Marte Deborah Dalelv var på ei jobbreise til Dubai i mars då ho melde ein kollega til politiet for valdtekt. Begge to skal ha drukke alkohol, og kollegaen skulle hjelpe henne tilbake til rommet.

Dalelv seier at ho vart valdteken av kollegaen, medan kollegaen nektar for at det har skjedd. Ho har også fortalt at ho fekk råd av leiaren for selskapet ho jobba for om å seie til politiet at det var snakk om frivillig sex.

Begge to vart dømde til fengsel for å ha drukke alkohol og for å ha hatt seksuell omgang utanfor ekteskapet. Dalelv vart også tiltalt for å ha gitt falsk forklaring. Begge to vart seinare benåda av emiren av Dubai, etter sterkt press blant anna frå norske styresmakter.

LES OGSÅ: Statseid avis i Emiratene: – Marte Dalelv ble dømt fordi hun trakk voldtektsanmeldelsen

LES OGSÅ: Marte, Norge og sharia

– Burde ha engasjert oss

Thomas Lundgren seier at han og sjefen for avdelinga i Doha i Qatar, Wissam Al Mena, har hatt ein lang samtale om saka, og at dei er samde om at begge to burde ha engasjert seg sterkare i det som skjedde.

Lundgren fortel også at han og familien har fått fleire e-postar med hatinnhald etter at saka vart kjent, der det blant anna er retta truslar mot døtrene hans. Han seier om nokon av desse e-postane kom frå Noreg.

LES OGSÅ: – Dubai ga etter presset for å redde turismen

SISTE NYTT

Siste nytt