Det er Ekstra Bladet som skriv dette. Rundt 45 minutt før angrepet mot kulturhuset Krudttønnen, la Omar Abdel Hamid el-Hussain ut ein video på Facebook-sida si der han hyller væpna jihad, altså heilag krig.
- Sjå også:
Videoen er ikkje laga av 22-åringen sjølv, men er henta frå ein YouTube-kanal som har publisert fleire videoar som hyller Den islamske staten (IS).
Politiet har så langt ikkje sagt noko om Omar Abdel Hamid el-Hussain si eventuelle tilknyting til islamistiske grupperingar.
To menneske blei drepne og fem politifolk såra i angrepa mot Krudttønnen laurdag og ein synagoge natt til søndag. Den mistenkte Omar Abdel Hamid el-Hussain blei skoten og drepen av politiet. To menn er sikta for medverknad til drap.
- Sjå også:
– Sjokkert over det som har skjedd
Faren til Omar Abdel Hamid el-Hussain seier han er sjokkert over det som har skjedd.
- Sjå også:
– Eg er like sjokkert som resten av verda, sa han Jyllands-Posten måndag.
Mannen ønskjer å vere anonym. Han fekk meldinga om kva sonen skal ha gjort frå politiet.
– Eg fekk vite det av politiet, som ringde meg, seier han.