Hopp til innhold

– Vanskelege dagar framfor oss

– Dei næraste dagane kan bli vanskelege å komme gjennom. Men eg kjenner meg trygg på at vi som folk vil komme oss gjennom dette, seier den danske statsministeren, Helle Thorning-Schmidt.

Statsminister Helle Thorning-Schmid møter pressen.

Helle Thorning-Schmidt møtte dansk og internasjonal presse måndag ettermiddag.

– I dag flaggar vi på halv stang over heile Danmark. Laurdag ettermiddag blei eit fredeleg, demokratisk møte utsett for angrep, og svært tidleg søndag morgon skjedde det same utanfor ein synagoge.

– Danmark blei råka av terror. To uskuldige er døde, og fem politifolk er såra. Bileta vi har med oss frå desse hendingane vil ikkje lett bli gløymde i Danmark, sa Helle Thorning-Schmidt på pressekonferansen.

DENMARK-SHOOTING/ Danish flag is seen at half-mast next to a memorial site for the victims of the deadly attacks in front of the synagogue in Krystalgade in Copenhagen

Det danske flagget på halv stang ved synagogen i Krystalgade i København.

Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters

– Tankane våre er hos dei som er råka av det som skjedde. Vi har no opplevd den frykta som terroren prøve å spreie. Men vi har som samfunn også respondert på ein resolutt måte.

– Eg vil rose politiet for den profesjonelle innsatsen dei gjorde, sa ho. Det danske demokratiet er sterkt, og den danske nasjonen er sterk. Vi vil ikkje akseptere noko som helst angrep på det vi står for.

– Dei næraste dagane kan bli vanskelege å komme seg gjennom. Men eg kjenner meg trygg å at vi skal greie det. Vi må insistere på å leve liva våre som før. Vi må tenkje og snakke slik vi sjølv ønskjer. Vi er dei vi er. Eg er sikker på at Danmark vil komme seg gjennom dette, og bli både sterkare og stå meir saman enn før, sa Thorning-Schmidt.

Ho understreka at jødar høyrer heime i Danmark, og kalla angrepet på synagogen i København eit angrep på heile Danmark.

– Vi er svært opprørte over tragedien utanfor synagogen. Det jødiske samfunnet er ein viktig del av Danmark, sa Thorning-Schmidt.

– Dette er ikkje ein konflikt mellom islam og Vesten. Det er ikkje ein konflikt mellom muslimar og ikkje-muslimar. Det er ein konflikt mellom kjerneverdiane i eit ope samfunn og valdelege ekstremistar, sa Thorning-Schmidt på pressekonferansen.

Ho la til at ingen ting så langt i etterforskinga tyder på at han som er mistenkt for angrepa, var ein del av ei terrorcelle.

SISTE NYTT

Siste nytt