Hopp til innhold

Kyrkja trassar regjeringa - ber grekarane røyste ja

Leiaren for den gresk-ortodokse kyrkja i Hellas ber innbyggjarane i landet røyste ja til kreditorane sine vilkår for ein gjeldsavtale førstkomande søndag. Dermed går kyrkja mot regjeringa til statsminister Alexis Tsipras.

Erkebiskop Ieronymos II i Hellas.

Erkebiskop Ieronymos II, overhovudet i den gresk-ortodokse kyrkja, ber folk røyste ja til vilkåra kreditorane har sett for å få til ein gjeldsavtale.

Foto: ORESTIS PANAGIOTOU / AP

Det var i eit intervju med Radio Vatikanet at erkebiskop Ieronymos II sa at det er naudsynt for Hellas å halde fram i «hjartet av Europa», og han bad veljarane om å røyste ja til forslaget til ein avtale som kreditorane i eurosona har lagt fram.

Rundt 88 prosent av grekarane er medlemer av den gresk-ortodokse kyrkja. Ieronymos II er den 121. erkebiskopen av Aten, og med denne oppmodinga bryt han ein tradisjon om å ikkje blande seg inn i politiske saker, melder magasinet Newsweek.

Uvanleg praksis

I løpet av dei sju åra Ieronymos II har vore erkebiskop i Aten har han svært sjeldan uttalt seg om politiske spørsmål.

Alexis Tsipras

Statsminister Alexis Tsipras ber grekarane røyste nei til avtaleforslaget frå kreditorane.

Foto: Reuters

Også Anthimos, biskopen av Thessaloniki, den nest største byen i Hellas, sa under ein religiøs seremoni denne veka at han kom til å røyste ja til forslaget frå kreditorane

Statsminister Alexis Tsipras har oppmoda grekarane til å røyste nei i folkerøystinga søndag, seinast i ein fjernsynstale i går. Han har tidlegare sagt at hans regjering ikkje vil gjennomføre ein avtale som det blir ja-fleirtal. Dette blir tolka som om regjeringa vil gå av om det blir ja-fleirtal.

Finansminister Yanis Varoufakis har sagt at han kjem til å gå av om veljarane godtek gjeldsvilkåra frå kreditorane.

– Har ødelagt drakmepressene

Merkel: – Vårt personlig forhold er ikke ødelagt

Motstridande målingar

Det har vore fleire motstridande meiningsmålingar før avrøystinga. I ei måling som vart presentert i går sa 54 prosent at dei ville støtte regjeringa og røyste nei, medan 33 sa dei ville røyste ja.

Ei måling i dag, som vart gjort kjent i greske medium gjennom ein lekkasje, viser at neisida har krympa til 43,2 prosent, medan jasida no har ei oppslutning på 47,1 prosent. Men meiningsmålingsinstituttet GPO sende ut ei fråsegn der det heiter at målinga var ufullstendig , og at ho ikkje var meint for offentleggjering.

Nederlands finansminister og sjef for eurosamarbeidet Jeroen Dijsselbloem.

Sjef for eurosamarbeidet, finansminister i Nederland Jeroen Dijsselbloem, åtvarar grekarane mot å seie nei til

Foto: Phil Nijhuis / Ap

Fleire andre målingar viser at nei-fleirtalet har krympa dei siste dagane, og observatørar reknar med at det kan bli tett løp mellom dei to sidene under avrøystinga søndag.

Dijsselbloem åtvarar

Grekarane skal røyste ja eller nei til det siste forslaget til eit forlenga låneprogram med EU og IMF. Sjefen for eurosamarbeidet, Jeroen Dijsselbloem har åtvara Hellas mot å røyste nei til avtaleforslaget.

– Den greske regjeringa gir inntrykk av at framtida til landet vere enklare med eit nei-resultat. Dette er ikkje å vere ærleg med dei greske veljarane. Innstrammingstiltak og reformer er avgjerande for den greske økonomien, sa han tidlegare i dag.

SISTE NYTT

Siste nytt