«Idag skriver jag för att efterhöra om du möjligen skulle vara intresserad at köpa min uppsätning schackpjäser som är snidade i teak.»
«Schackpjäser» er det svenske ordet for «sjakkbrikker», og ifølgje avsendar var nettopp desse brikkene sjeldne brikker frå Samoa.
– Det er ein som har nokre samoanske «schackpjäser» som han meiner er veldig flotte og som Magnus bør kome og sjå på. Der er det både éin og to mailar, seier Espen Agdestein.
Det er usikkert både om og eventuelt kva Magnus Carlsen sin manager har svart på kjøpstilbodet. Det som derimot er sikkert er at innboksen til Agdestein aldri får fred.
– «Hei, Espen. Det er sannsynlegvis lettare å få tak i statsministeren enn Magnus Carlsen for tida, men vi prøver», les Agdestein.
- Sjå Sportsrevy-saka nedst i artikkelen.
Bursdagsbesøk, gatekunst og bowling
For både NRK og andre kan sjå langt etter noko intervju eller møte med verdsmeisteren i sjakk akkurat no.
– Det er mange som gjerne vil spele sjakk med Magnus på nettet, fans. Eller så vil dei at Magnus skal kome i bursdagsselskap eller slike ting, fortel manageren.
Der er e-post frå ein gatekunstnar som vil overrekke unike kunstverk av Magnus, frå internasjonale medium og frå:
– Her er bowlingforbundet som ønskjer kontakt med Magnus, ja, slår Agdestein fast.
– Eg har prøvd å få litt system i galskapen. Eg hadde ikkje i mine villaste fantasiar sett føre meg kor mange førespurnader som ville kome, og kor mange rare og forskjellige som ville kome.
- Les også:
Saka held fram under bildet.
– Det har vel blitt eit stuereint magasin?
Det er to veker sidan Magnus Carlsen banka Vishy Anand i kampen om verdsmeistertittelen.
I etterkant har han blitt
, fått og blitt invitert til å .– Når han blir invitert til Madrid og får ta avsparket i den kampen, det synest han er kjempegøy. Det kunne han ikkje seie nei til, seier Agdestein.
- Les også:
Nær sagt alle førespurnader har likevel fått blankt nei. Store, internasjonale medium har fått nokre små minutt. CNN International er blant dei som «måtte» ha eit Skype-intervju med Carlsen.
– Det er klart, vi ringer CNN, vi gjorde det. Og så gjorde vi noko med BBC og New York Times, alle dei største. Der er det så utruleg mykje verdi med litt innsats.
Eitt anna stort medium har derimot òg tatt kontakt.
– Playboy fekk vi førespurnad frå, dei ville jo lage ei svær sak på han! Eg veit ikkje kor ille det eigentleg er, for det har vel blitt eit stuereint magasin etter kvart?, spør ein flirande Agdestein.
– Så Magnus Carlsen i Playboy kan bli ein realitet?
– Du skal ikkje sjå bort ifrå det, repliserer verdsmeister-manageren.
Saka held fram under videoen.
Kongeleg døropnar
Dei fleste andre ligg derimot tynt an – sjølv om det ikkje alltid er størrelse eller lyst det står på.
– «God Morgen Norge» ligg tynt an, for Magnus står ikkje opp så tidleg om morgonen. Dei vil aldri få han, humrar Agdestein.
Det står igjen å sjå kvar Carlsen dukkar opp neste gong. No må tilboda verkeleg sorterast, ifølgje Agdestein. Populariteten er enorm, noko som frydar sponsorane.
– Han er ein unik døropnar. Du må vere president eller kongeleg for å få same innpasset som Magnus har, meiner Odd Harald Hauge.
Han er ein del av Nordic Semiconductor, éin av Carlsen-sponsorane, og er klar på at dei får valuta for pengane.
– Eg trur ikkje kor stor stjerne han eigentleg er!, rundar Hauge av med.
- Les også:
- Les også: