– Alt er mogleg i fotball. Det har vi sett mange gonger. Det er ikkje dødsviktig å ta the double igjen. Det hadde berre vore stas om det skulle gå vegen, seier Knudsen til NRK.
For første gang på mange år står Sørlandet utan eit toppserielag for kvinner. Amazon Grimstad rykte ned til 1. divisjon i fjor.
Men Sørlandet er likevel godt representert i Toppserien. Både Lene Mykjåland (Lillestrøm) og Ingvild Stensland (Stabæk) er sentrale spelarar på sine lag.
Sterke sesongar
Dei to siste åra har Monica Knudsen leia Lillestrøm til både serie- og cupgull. Førre sesong vart det seriegull fem poeng føre hardtsatsande Avaldsnes.
I cupfinalen var det igjen duka for eit oppgjer mellom dei to klubbane. Også her var det Lillestrøm og Monica Knudsen som trekte det lengste strået.
I Meisterligaen rauk laget ut i åttedelsfinalen der dei tapte mot regjerande meister Frankfurt.
Knudsen vart kåra til årets trenar av Norsk Fotballtrenarforeining etter fjorårssesongen.
Droppa La Manga
I oppkøyringa til den nye sesongen har Knudsen og Lillestrøm droppa å reise på treningsleir på La Manga. I staden har dei trent heime i Norge.
– Det er blant anna fordi det er tett til seriestart. Og så vil vi spele internasjonale kampar. Det er viktig for oss. Vi skal blant anna spele mot svenske Eskilstuna som kjempa om tittelen i fjor, seier ho.
– Vi jobbar med mykje av dei same tinga. Internasjonale kampar er eit suksesskriterium for oss. Vi prøver å utvikle oss. Vi har jobba med ein annan formasjon. Vi må bli betre fordi dei andre laga gjerne vil slå oss, seier ho.
Trur på tøff kamp
Arendalitten, som vann gull i Sidney-OL i 2000, trur Lillestrøm vil få tøff kamp om gullet i både serie og cup denne sesongen.
– Det blir veldig spennande å sjå Avaldsnes med ny trenar igjen. Dei har eit solid lag. Så blir det spennande å sjå om Stabæk klarer å reise seg igjen. Røa ser spennande ut. Det er fleire som er interessert i å henge seg på, seier Knudsen.
Lillestrøm opnar sesongen borte mot Kolbotn måndag 28. mars.