Hopp til innhold

Nedrykk for Amazon: – Eg er tom for ord

Amazon Grimstad såg ut til å gå mot kvalifiseringsplass i Toppserien. Men ei Medkila-scoring eitt minutt før slutt sende sørlendingane ned til 1. divisjon.

Amazon Grimstad

Amazon Grimstad skal spele i 1. divisjon neste sesong.

Foto: NRK

– Det er tungt å rykke ned. Eg er litt tom for tankar akkurat no, seier styreleiar i Amazon Grimstad, Hans Inge Sævareid til NRK.

Det vart ei dramatisk avslutning på sesongen for sørlendingane.

Laget tapte 1–4 borte mot Stabæk og var dermed avhengig av hjelp frå Trondheims-Ørn for å berge kvalik.

Tverrliggjaren sende Amazon ned

Hjelpa såg ut til å komme. For 15 minutt før slutt utlikna trønderane til 1–1 borte mot Medkila. Det var tidlegare Amazon-spelar Lisa-Maria Utland som scora.

Men eitt minutt før slutt fall avgjerda då Medkila igjen tok leiinga og sende Grimstad-klubben ned til 1. divisjon.

Trondheims-Ørn var aleine med keeper fire minutt på overtid, men skotet gjekk i tverrliggjaren.

– Vi er ein klubb med veldig små ressursar. Det er eit under at vi har spelt ti år i norsk toppserie. Det er vi stolte av, seier Sævareid.

Mista eitt poeng

Dei siste sesongane har vore prega av store økonomiske utfordringar for Amazon. Tidlegare i haust vart klubben trekt eitt poeng på grunn av at dei ikkje hadde levert ein tilfredsstillande økonomisk handlingsplan.

Poengtrekket fekk ikkje konsekvensar for den endeleg tabellen. Laget enda til slutt to poeng bak Medkila.

– No blir det samling i «bånn». Det bør det også bli for heile sørlandsfotballen og Agder Fotballkrets. Vi må sette oss ned saman og sjå korleis vi vil satse i fellesskap for å få opp talent som kan spele i Toppserien, seier styreleiaren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %