Hopp til innhold

Bygland seier ja til samanslåing

Formannskapet i Bygland sier ja til forhandle med Evje og Hornnes om sammenslåing. Men kommunen stiller fleire krav dersom samanslåinga skal bli ein realitet.

Leiv Rygg

Leiv Rygg er ordførar i Bygland.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Men ordførar Leiv Rygg understrekar at det er lang veg fram til ei samanslåing med naboen i sør.

– Saka skal behandlast i kommunestyret. Eg er usikker på om det er fleirtal for dette der. Det blir spennande å sjå. Det er jo heller ikkje sikkert at Evje og Hornnes ynskjer ei slik samanslåing, seier han til NRK.

– Eit absolutt krav

I vedtaket som er gjort vert det sett som betingelse at sentraladminstrasjonen i ein ny storkommune skal ligge på Byglandsfjord.

– No snakkar eg for meg sjølv, men for meg er det eit absolutt krav om vi skal slå oss saman, seier Rygg.

I tillegg krev formannskapet i Bygland ei god fordeling av arbeidsplassane.

Ordførar i Evje og Hornnes, Bjørn Ropstad, meiner vedtaket i Bygland er positivt.

Ropstad er positiv

– Det er veldig positivt at dei har hatt ein god diskusjon. Vi skal ha ein diskusjon i vårt formannskap til veka, men dette verkar veldig positivt, seier han.

– Kva med betingelsen om å legge administrasjonen i Byglandsfjord?

– Det er eit spennande utspel og ein spennande tanke i forhold til å tenke heilheit. Det er det som skal skje, vi skal byggje ein ny kommune. Så må utgreiing og arbeidet som skal gjerast vise om det er riktig å gjere det slik, men eg tykkjer det er eit flott utspel, seier Ropstad.

Ei samanslåing vil gje i underkant av 5000 innbyggjarar i den nye kommunen.

Ny kommune
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %