Hopp til innhold

Fryktar giftig plante

Den giftige planten landøyda skal ha spreidd seg frå kysten og innover i landet til mellom anna Evje. Bondelagsleiar er svært bekymra for spreiinga.

Den giftige planten landøyda sprer seg på Sørlandet. Særlig hest og storfe er utsatt.

Den giftige planten landøyde skal ha blitt observert i Evje og sør i Bygland. Illustrasjonsbilete frå Arendal.

Foto: Miriam Grov

– Planta kan gje oss store utfordringar, seier ein bekymra Jørund Kvaale Hansen, leiar i Bygland Bondelag.

Landøyda er ein gul plante som er giftig for både menneske og dyr.

Den spreier seg lett viss ho får setje frø, og er mest eit problem for landbruket.

– Dei har slite veldig mykje med ho langs kysten og vi har vore skåna for ho her oppe. Men i år så har den blitt observert i Evje og vi har også fått tips om at planta kan vere i sørenden av kommunen her, seier Hansen.

Jørund Kvaale Hansen

Bondelagsleiar Jørund Kvaale Hansen er bekymra over at landøyda er observert i Setesdal.

Foto: Leif Dalen / NRK

Dødeleg

Spesielt er beitedyr som hest og storfe utsett om dei et landøyda, og sjølv små mengder kan gje dødeleg utfall.

Planta er og giftig etter tørking.

Planten har dei siste åra spreidd seg raskt langs kysten, blant anna i Agder.

Arendal er ein av fleire kommunar som trappar opp kampen mot landøyda.

Les også Bøtelagt for å bore i nasjonalpark

Dette er et av hullene som båteiere har laget i nasjonalparken.

– Ein kverk for kulturlandskapet

Bondelagsleiaren i Bygland er veldig bekymra for spreiinga.

– Vi er få bønder her, og den einaste måten å bli kvitt planta på, er å luke. Når vi då er få bønder igjen her oppe, som driv mykje areal og mange garder, så har vi ikkje sjanse til å klare lukejobben aleine om planten skulle spreie seg oppover dalen, seier Hansen.

Han fryktar ingen bønder vil ta på seg ansvaret for å drive et areal med masse landøyde på.

– Det kan vere ein kverk for kulturlandskapet. Det er ein grunn til at ho heiter landøyde – ho legg land øyde. Det er ein stor utfordring for kulturlandskapet i Setesdal om landøyde får spreidd seg oppover, seier Jørund Kvaale Hansen.

Den giftige planten landøyda sprer seg på Sørlandet. Planten blomstrer i august, og bør ifølge myndighetene rykkes opp med rota, puttes i plastpose og kastes i restavfall for brenning,

Landøyda bør ifølgje myndigheitene rykkast opp med rota, puttast i plastpose og kastast i restavfall for brenning.

Foto: Miriam Grov

Ser du planten, blir du oppmoda om å ta ho opp med rota, putte ho i ein plastpose og levere til restavfall for brenning. Bruk hanskar, sidan nokon reagerer på hudkontakt med planten.

Les også Giftig plante spreier seg

Den giftige planten landøyda sprer seg på Sørlandet. Særlig hest og storfe er utsatt.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %