Hopp til innhold

Hoteller i krise – krev billigare straum

Eigaren av tradisjonsrike Dølen hotell i Setesdal meiner dei blir kvelte av høge straumrekningar: – Me blør økonomisk ved å halda ope, seier ho.

Dølen hotell i Evje og Hornnes er eit av fleire hotell i regionen som slit med høge straumutgifter.

Dølen hotell i Evje og Hornnes er eit av fleire hotell i regionen som slit med høge straumutgifter.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– I januar stengjer me restauranten og permitterer kjøkkensjefen og fleire tilkallingsvikarar. Situasjonen er fortvilt.

Det seier dagleg leiar og eigar av Dølen Hotell Else Haugland.

Hotellet frå 1887 ligg ved riksveg 9 i Evje og Hornnes kommune i Agder.

No varslar Haugland og fem andre leiarar ved hotell i Setesdal om ei igangverande krise.

– Me opplever å stå i ei krise som ser ut til å halda fram. Me føler at alle auka kostnader og krav har teke eit strupetak på bedriftene våre. Me er sterkt bekymra for vår evne til å overleva, seier ho.

Else Haugland, eier av Dølen hotell.

Daglig leier og eigar ved Dølen Hotell Else Haugland.

Foto: Heidi Ditlefsen / NRK

Krev krisetiltak

Haugland er talskvinne for seks hotell, som no har skrive eit brev til dei fem ordførarane i kommunane i Setesdal, og til Setesdal Regionråd.

Hotella vil ha tilgang til krafta som blir produsert i eigne kommunar. Dei krev billigare straum for å unngå nedbemanning og oppseiingar.

I brevet skriv dei at dei er i kontinuerlege vurderingar om nedbemanning, permisjonar eller oppseiingar.

«Heil eller delvis stenging av bedriftene våre blir vurderte løpande», heiter det i brevet.

Les også Strømprisen er nesten 50 ganger høyere i sør: – Vi får absolutt alle ulempene

Strømmaster

Færre på jobb

Litt lenger opp i Setesdal, hos Sølvgarden hotell og feriesenter i Rysstad i Valle kommune, blir det også færre på jobb etter jul.

– På nyåret innskrenkar me opningstidene og tilsette tek ut ferie. I fjor brukte me 1 million kroner meir på straum enn året før. Det tærer ikkje berre på økonomien, men motivasjonen for å driva vidare, seier hotellsjef Torfinn Rysstad.

Drone - Rysstad, Sylvgaarden, Rv9

Sølvgarden hotell og feriesenter i Valle.

Foto: Per Kåre Sandbakk / NRK

Eit tredje hotell, Revsnes hotell ved Byglandsfjorden, permitterte sine tilsette i tre månader i byrjinga av dette året.

No tel hotelleiinga på knappane om dei også må trappa ned verksemda etter nyttår.

– Me har det i bakhovudet heile tida. Utgiftene berre aukar og aukar, særleg straumprisen. Me held på å byta ut vindauge på hotellet. Det krev nye investeringar. Me er svært bekymra, seier dagleg leiar Gunn Heidi Stø.

Revsnes hotell

Revsnes hotell ved Byglandsfjorden.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Skulder på straumutgifter

Kvar fjerde tilsett i Setesdal jobbar i hotellnæringa.

I denne regionen av Agder er nærare 1.200 tilsette tilknytt reiselivet.

Talskvinne for hotella Else Haugland hevdar at ingen av dei seks hotella kjem til å gå med overskot i år. Før pandemien utgjorde energiutgiftene 1 til 2 prosent av omsetninga. I dag er andelen oppe i 6 til 7 prosent.

– Me meiner det er grunn til å slå fast at straumutgiftene åleine er årsaka til negative resultat, seier Haugland.

I Setesdal samarbeider kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle, Bykle og Åseral om å utvikla regionen. Styreleiar i regionrådet er ordførar i Bykle Hans Blattmann (Ap).

– Me tek dette på høgaste alvor. Me pressar på overfor sentrale styresmakter for å finna nye straumordningar. EU-reglar hindrar oss i støttetiltak og me må tenkja likebehandling overfor andre bransjar som også slit. Derfor er ikkje dette noko me raskt kan løysa, seier Blattmann.

Les også Skuffede ordførere etter strømopprør: –Ikke mye svar å få

Strømdemo

Vil ha billig, lokal straum

I Setesdal er det fleire kraftkommunar som gjer gode pengar på straumen.

Hotella meiner det er uforståeleg at dei ikkje får tilgang til rimelegare straum frå sitt eige nærmiljø.

– Det er frustrerande å sjå at hotell andre stader i landet har billigare straum, medan me som lever i kommunar som produserer krafta må betala meir. Det er konkurransevridande, meiner Else Haugland.

Eit ekspertutval har vurdert dagens system for å fastsetja straumprisen. Utvalet la nyleg fram rapporten sin for olje- og energiministeren.

Førebels er det ikkje kjent om det kjem nokre nye tiltak for å jamna ut prisforskjellane på straum i Noreg.

Drone - Rysstad, Sylvgaarden, Rv9

I Setesdal blir det produsert mykje kraft.

Foto: Per Kåre Sandbakk / NRK

Peikar på fastprisavtalar

Stortingsrepresentant Kari Henriksen frå Agder Arbeiderparti seier til NRK at ho er godt kjend med bekymringane frå reiselivet i eige fylke.

– Eg pressar på så godt eg kan overfor eiga regjering. På kort sikt er eg oppteken av å peika på moglegheita for å sikra seg rimelegare fastprisavtalar. Hotella og andre må utfordra den lokal straumleverandøren sin Å Energi til å komma med slike tilbod, meiner Henriksen.

Les også Mener kommunene kan hjelpe nærings­livet med strøm­regningen

Sirdal produserer mye kraft

Dei seks hotella i Setesdal meiner soneinndelinga av straumprisen bør fjernast eller blir kompensert for.

– Fleire reiselivsbedrifter i Setesdal er ikkje eingong i posisjon til å få tilbod om gunstig fastpris, seier Else Haugland.

– Det er eit stort tankekors at me produserer mykje kraft i eigen kommune, men at ingen av oss som driv næringsverksemd i same kommune får tilgang til denne krafta for ein rimeleg penge, seier ho vidare.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %