Hopp til innhold

Stadig fleire elevar får spesialundervisning - gir dårleg kommuneøkonomi skulda

Talet på elevar som får spesialundervisning i skulen har auka dei siste åra. I Sogn og Fjordane er gjennomsnittet høgare enn for landet elles.

5. klasse ved barneskole

Flest elevar får eit spesielt tilrettelagt skuletilbod i Leikanger, Gaular og Sogndal.

Ein hardt pressa kommuneøkonomi kan vere noko av årsaka, meiner høgskulelektor Kirsten Flaten:

– Eg mistenkjer at det handlar om at skulane har lite pengar. Kanskje har ein skore så langt inn til beinet at skulane ikkje klarar å gje det tilbodet som dei skal, seier førstelektor Kirsten Flaten.

Ligg over landssnittet

Elevar som ikkje får tilfredsstillande utbyte av vanleg opplæring har krav på spesialundervisning. Kor mange som får det, varierer frå år til år og mellom kommunane. Dette skuleåret er det flest i Leikanger, Gaular og Sogndal, og færrast i Stryn og Gloppen.

I Sogn og Fjordane får 9, 6 prosent av elevane slik undervisning, medan landsgjennomsnittet er 8,3.

Flaten trur ikkje årsaka er at fleire elevar treng tilpassa læring, men at trongare tider gjer at skulane hentar pengar der dei kan:

– For kvar vesle ting må ein søkje om pengar eksternt, seier Flaten.

I 19 av 26 kommunar i fylket får elevar meir spesialundervisning enn landsgjennomsnittet. Leikanger toppar årets statistikk med 14,3 prosent.

Pedagogisk konsulent, Jorunn Nyttingnes, seier kommuneøkonomien spelar inn.

– Det har auka over heile landet. Eg trur kommuneøkonomien er éin av årsakene, seier Nyttingnes.

(Artikkelen held fram under faktaboksen)

Spesialundervisning 2006 og 2012

Kommune

2006

2012

Askvoll

4,8

10,8

Aurland

11,2

17

Balestrand

9,1

8,5

Bremanger

10,3

8,5

Eid

8,7

7,3

Fjaler

5,8

5,6

Flora

7

7,7

Førde

7,8

9,1

Gaular

12,8

13,2

Gloppen

3,2

3,2

Gulen

5,6

7,8

Hornindal

6,9

5,4

Hyllestad

4,9

18,9

Høyanger

7,2

12,7

Jølster

12,4

11,8

Leikanger

9,4

15,6

Luster

12,5

11,1

Lærdal

11,9

13

Naustdal

12,7

13,3

Selje

9,5

9,2

Sogndal

11,3

14,1

Solund

12,5

4,3

Stryn

2,9

3,2

Vik

5,5

10,2

Vågsøy

6,8

9,3

Årdal

7,7

13,1

Ekspander/minimer faktaboks

Har gått litt ned frå i fjor

Ho legg til at dette er ein trend som har vore i fleire år.

– Det har vore slik gjennom mange år at kommunane i indre Sogn har toppa den statistikken. Akkurat i år har vi faktisk ein nedgang frå i fjor. Men dette er eit problem som ein jobbar med gjennom det vi kallar system for styrka læring, seier Nyttingnes.

– Er det eit problem at så mange born har vedtak om spesialundervisning?

– Ja, det ser ein på som eit problem. Ein ønskjer å dreie dette frå spesialundervisning til meir tilpassa undervisning, seier Nyttingnes.

Ho legg til at det ofte er slik at elevar med spesialundervisning og einskildvedtak vert tekne ut av klassane.

– Det er eit mål å ha ein størst mogleg inkluderande skule, og det vil seie å ha flest mogleg av desse elevane i klasserommet, seier Nyttingnes.

Er dei store tiltaka som dreg opp

Ho peikar på at å bruke pengane annleis, til dømes på gruppedeling og tilrettelagd undervisning, kan vere ein måte å løyse dette på.

– Det er ofte fleire elevar som har dei same vanskane, seier Nyttingnes.

Ho legg til at dei store tiltaka ofte er dei som dreg opp talet på timar.

– Og dei vil vi alltid ha. Vi vil alltid ha funksjonshemma og multihandikappa born som vil ha trong for store tiltak, seier Nyttingnes.

Dei jobbar med å få talet ned, noko som er ei målsetting i heile landet. Men skal ein klare å nå dit, må mykje endrast, seier rådgjevar hjå Fylkesmannen, Helge Pedersen.

– Det er ein del forventningar ein må jobbe med. Kva forventningar skulane har til PP-tenesta, og korleis ein skal løyse elevane sine vanskar, spelar inn, i tillegg til foreldra sine forventningar. Eg trur ein må jobbe på mange plan for å endre kulturane, seier Pedersen.

Elevar som ikkje presterer godt nok, vert tekne ut

Professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Peder Haug, meiner det er viktig å ha eit nyansert syn på spesialundervisning.

– Å få ned prosentdelen elevar som får spesialundervisning, treng ikkje å vere positivt, seier Haug til utdanningsnytt.no.

Han peikar på at ein truleg vil sjå ei utflating og nedgang i spesialundervisninga dei kommande åra.

– Både fordi det frå utdanningshald har vore mykje fokus på dette, og fordi kommunane må sparepengar, seier Haug.

Han trur auken i spesialundervisning skuldast auka krav til elevprestasjonar etter Kunnskapsløftet.

– Dei auka krava skulle kompenserast med tilpassa opplæring i klasserommet, men det har ein ikkje klart. Resultatet vart at elevar som ikkje presterer godt nok, som altså viser at dei ikkje har tilfredsstillande utbytte av ordinær undervisning, vert tekne ut av klasserommet og gitt spesialundervisning, seier Haug.