Hopp til innhold

– Heilt rett å legge ned spesialskulane

Den erfarne pedagogen og rådgjevaren Arne Tveit meiner det absolutt var rett av politikarane å legge ned dei statlege spesialskulane. Han kjempar for betre inkludering i den ordinære skulen.

Arne Tveit

Arne Tveit er skeptisk til spesialskular. Han trur elevar som går der kan få ein tøff overgang til «det verkelege liv».

Foto: Bent Lindset / NRK

– Eg skjønar godt at foreldre kan uroe seg for om skulane i stor nok grad tek vare på ungane deira, seier Arne Tveit ved Midt-Norsk Kompetansesenter for atferd.

Han har hovudfag i pedagogikk og har lang erfaring både som lærar i grunnskulen og som rådgjevar på ein alternativ grunnskule og brenn for å styrkje det norske skulesystemet.

Les også:

– Bør skape ein inkluderande skule

Spesialskulane vaks fram i første del av 1900-talet og vart brukte av blant anna elevar med psykiske lidingar eller elevar med åtferdsvanskar.

Frå 1970-talet skjedde det ei bevisstgjering rundt integrering av elevar i den ordinære skulen og i 1992 bestemte staten seg for å avvikle sine spesialskular. Likevel har det vakse fram fleire lokale spesialtiltak på kommunale plan.

Medan det har vore brei politisk og fagleg semje om at elevar med spesielle behov heller skal inkluderast og integrerast inne i klasserommet på nærskulen, meiner fleire foreldre at dette ikkje fungerer og vel spesialskule.

Klasserom

Nesten 53.000 elevar får spesialundervising i den norske grunnskulen i dag.

Foto: Leif Bryne/Flicr

Arne Tveit seier at utviklinga ikkje bør gå i den retning at ein igjen satsar på spesialskulesystemet.

– Eg meiner absolutt det var rett å legge ned dei statlege spesialskulane.

– Dersom vi skal ha ein ambisjon om å skape ein inkluderande skule for alle, må vi heller utvikle den ordinære skulen enn å halde oppe eit stort segregerande spesialskulesystem.

Han har skrive ei rekkje fagartiklar og er medforfattar av fleire bøker og rapportar, blant anna «Atferdsproblemer blant barn og unge – teoretiske og praktiske tilnærmingar» (2005), «Forebyggende innsatsar i skolen» (2006) og «Anerkjennelse, ros og bruk av klare regler i klasserommet» (2012).

– Klar auke av spesialtiltak

NRK har våren 2013 sett på tal frå Grunnskolens informasjonstjeneste (GSI) i perioden 1993–2013.

Les:

Informasjonen frå GSI viser at talet på born som får spesialundervising i grunnskulen er meir enn dobla på 20 år, og i dag får nesten 53.000 elevar, eller ni prosent av elevane i grunnskulen spesialundervising.

Spesialundervisning fordelt på klassetrinn

Alderstrinn

Gutter

Jenter

Totalt

1.klasse

1860

776

2636

2.klasse

2029

835

2864

3.klasse

2528

1078

3606

4.klasse

3090

1333

4423

5.klasse

3636

1645

5281

6.klasse

4101

1931

6032

7.klasse

4413

2210

6623

8.klasse

4606

2379

6985

9.klasse

4500

2300

6800

10.klasse

4956

2517

7473

Ekspander/minimer faktaboks


Tøndergård skole og ressurssenter i Molde er eitt av spesialtiltaka. På denne skulen går 15 år gamle Remi André Andal frå Sykkylven.

– Ja, det har vore ein klar auke av spesialtiltak i den norske skulen dei siste 10–15 åra, stadfestar pedagog og rådgjevar Arne Tveit.

– Skulen har ei stor utfordring

Tveit meiner at den ordinære skulen ikkje har vore flinke nok til å legge til rette for at alle elevar skal kunne ha ein meiningsfull kvardag i det ordinære klasserommet, men trur ikkje at alternativet er eit omfattande spesialpedagogisk system.

– Eg vil ikkje spesialpedagogane eller spesialundervisinga til livs på nokon som helst slags måte, men eg synest ein skal vere på vakt mot ei utvikling av fleire spesialskular.

– Mange av tiltaka er til ein viss grad med på at overgangen til det verkelege liv vert tøff og det er urovekkande.

Eg skjønar godt at foreldre kan bekymre seg for om skulane i stor nok grad ivaretek ungane deira.

Arne Tveit, pedagog og rådgjevar

Den nye regjeringa har varsla at dei vil fokusere sterkt på etterutdanning og kompetanseutvikling av lærarar, spesielt på realfags- og språksida. Tveit saknar at det også vert fokusert på at lærarane må verte dyktigare til å leggje til rette og skape gode meistringsopplevingar for alle elevar.

– Det ligg nok ei utfordring i å skape ein større grad av meistringsoppleving og tryggleikskjensle for elevar som har store lære- og tilpassingsutfordringar. Dette krev mykje av skulen, seier den erfarne pedagogen.

– Foreldre må aldri slutte å stille krav

Dagens spesialskulesystem har mykje til felles med det gamle, sjølv om staten ikkje er eigar.

Arne Tveit er ikkje i tvil om at det er behov for særskild kompetanse i møte med ein del av elevane som har spesielle behov, men han meiner at også lærarar i den ordinære skulen gjer eit godt arbeid med å gi desse elevane ein meiningsfull kvardag.

– Det finnast ikkje noko enkelt svar på korleis ein skal løyse den tilpassa opplæringa, men eit grundig og solid samarbeid mellom foreldre, elev og skule er avgjerande for å lykkast.

Han peikar på at det er foreldre som kjenner barnet sitt best og veit korleis dei best kan hjelpe barnet til å fungere i skulen, enten dei vel den ordinære skulen eller spesialskule.

– Foreldre må i alle fall aldri slutte å stille krav til skulen. Dei har rett til å forvente at skulen gjer sitt yttarste for å møte barnet sitt behov.