Hopp til innhold

Ønskjer å vere slik som dei andre

André Pilskog Tomren (16) kunne aldri tenke seg å gå på spesialskule saman med andre som har ADHD. Sjølv om tida i den ordinære skulen har vore tøff, synest han det har vore verdt det.

André Pilskog Tomren

André Pilskog Tomren har ikkje berre hatt det enkelt i skuletida. ADHD-diagnosen har gjort at han har hatt vanskar med å henge med inne i klasserommet saman med dei andre elevane. Likevel har det ikkje vore eit alternativ for han å gå på spesialskule.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Eg tenkjer ikkje at eg er annleis enn andre sjølv om eg har ADHD.

16 år gamle André Pilskog Tomren bur i Skodje på Sunnmøre og går i dag i første klasse på vidaregåande skule på linja «Teknikk og industriell produksjon».

For første gong fungerer han skikkeleg i ei vanleg klasse.

Les også:

– Det var vanskeleg å henge med

Då André var liten var han aggressiv og sint, og laga mykje bråk. Det å fungere i ei klasse har ikkje vore enkelt, verken fagleg eller sosialt.

Det er ingenting å skjule. Eg har aldri sett på det å ha ADHD som noko negativt.

André Pilskog Tomren (16)

– Eg følgde ikkje med i timen og klarte ikkje å konsentrere meg, fortel han.

Diagnosen ADHD fekk han først då han var 8–9 år. Då vart det klart at han også hadde både åtferdsvanskar og lese- og skrivevanskar.

– Det var vanskeleg å henge med inne i klasserommet.

André Pilskog Tomren

Då André Pilskog Tomren var 10 år deltok han på ADHD-leir på Brennabu i Valdres.

Foto: Privat

Konsentrasjonsvanskane var ikkje det einaste som hindra André i å fungere normalt i klasserommet. Ofte hadde han store problem med å kontrollere aggresjonen sin.

– Då braut det laust. Eg kunne nok bli litt brutal både mot medelevar og lærarar.

– Kan ikkje tenkje meg spesialskule

Mange som har diagnosen ADHD, eller «Attention Deficit Hyperactivity Disorder», får plutseleg lyst til å gjere ting, og gjennomfører det utan å tenkje over det.

André fortel at han heile tida har vore open om diagnosen sin. Han føler seg ikkje så annleis enn alle dei andre.

– Det er ingenting å skjule. Eg har aldri sett på det å ha ADHD som noko negativt.

Likevel har ADHD-diagnosen gjort at han hatt problem med å finne sin plass i den vanlege skulen.

Når eg vart sint braut det laust. Eg kunne vere valdsam mot både lærarar og medelevar.

André Pilskog Tomren (16)

Opp gjennom åra som skuleelev har han sakna å ha nokon som har hatt same vanskane som han, men han ville ikkje ha bytta ut skulane han har gått på med spesialskule av den grunn.

– Nei, eg kunne ikkje tenkje meg å gå på spesialskule. Eg har det bra slik eg har det. Det er tungt å gå i den ordinære skulen, men eg synest det er verdt det.

Ved å gå i den ordinære skulen føler han at han vore meir ein del av det "normale".

Det er også det som er politikarane sine visjonar. Frå 1970-talet skjedde det ei bevisstgjering rundt integrering av elevar i den ordinære skulen og i 1992 bestemte staten seg for å avvikle sine spesialskular, ifølgje stortingsmeldinga Læring og fellesskap .

Målet er at alle elevar skal få tilpassa opplæring og verte inkluderte i klasserommet på sin eigen nærskule.

Tilpassa opplæring

Sjølv om visjonane til politikarane er gode, opplever mange elevar og foreldre at den tilpassa opplæringa ikkje fungerer slik den skal i praksis.

Våren 2013 såg NRK på tal frå Grunnskolens informasjonsteneste (GSI) i perioden 1993–2013.

Dei viser at talet på born som får spesialundervising i grunnskulen er meir enn dobla på 20 år, og i dag får nesten 53.000 elevar, eller ni prosent av elevane, i grunnskulen spesialundervisning.

Les:

Spesialundervisning fordelt på klassetrinn

Alderstrinn

Gutter

Jenter

Totalt

1.klasse

1860

776

2636

2.klasse

2029

835

2864

3.klasse

2528

1078

3606

4.klasse

3090

1333

4423

5.klasse

3636

1645

5281

6.klasse

4101

1931

6032

7.klasse

4413

2210

6623

8.klasse

4606

2379

6985

9.klasse

4500

2300

6800

10.klasse

4956

2517

7473

Ekspander/minimer faktaboks


André kom dårleg ut første åra av grunnskulen og ville ikkje lære å lese og skrive, same kor mykje lærarane prøvde.

Ofte hadde han ein assistent ved sidan av seg og etter kvart vart han teken mykje ut av klasserommet.

– Det var litt flautt å måtte gå ut av klassen. Eg hadde ikkje lyst til å skilje meg ut, så ofte var eg vanskeleg å få med.

Eg har site veldig mykje heime. Det har vore vanskeleg.

André Pilskog Tomren (16)

Både lærarane og han sjølv opplevde at han lærte best om dei gjekk ut av klasserommet, spesielt i dei vanskelegaste faga.

– Eg fekk med meg litt då eg var inne i klasserommet, men mest då eg var åleine med læraren.

– Sårt å stå utanfor

André Pilskog Tomren

André Pilskog Tomren var ofte einsam då han var liten. Det var ikkje enkelt for medelevane hans å vere saman med han.

Foto: Privat

Sjølv om André har gått i den ordinære skulen saman med andre frå heimbygda si i Haram kommune, opplevde han ofte å stå utanfor.

– Det var ikkje enkelt for andre å vere venn med meg når eg var så ustabil. Dei kunne aldri vite kva det neste eg kom til å finne på var.

I periodar følte han seg oversett. Fritidsaktivitetar har vore vanskeleg å vere med på, og han har ikkje halde ut med kvar aktivitet i meir enn eit halvt til eitt år.

– Eg har sete veldig mykje heime. Det har vore vanskeleg.

Les også:

Ein ny start

Vanskane André hadde i klasserommet vart også løyst ved at han hadde dagar der han ikkje var på skulen i det heile teke.

På ungdomsskulen vart han utplassert på ulike arbeidsplassar éin dag i veka. Han prøvde både gard, bilverkstad og skipsverft..

– Det var greitt å få litt avveksling frå skulen, synest André.

Heldigvis gjekk det berre betre og betre på skulen for han. Overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen karakteriserer han som ein «ny start».

– Det var koselege lærarar der. I tillegg vart eg eldre og fungerte mykje betre.

Framleis kan han ha vanskar med å følgje med på undervisinga. Ofte rekk han ikkje å notere ned alt før det vert viska vekk frå tavla. Held dei på med det same lenge, kan det fort verte kjedeleg.

Les også:

– Må gå godt i hop med læraren

Faste rammer og tydelege beskjedar er ofte viktige ingrediensar som skal til for at ein elev med ADHD skal kunne fungere best mogleg, fortel André. Dei første åra av barneskulen var det mykje skifte av lærarar og mange vikarar var innom klasserommet.

Sjølv meiner han at det har hatt mykje å seie om han har hatt ein god kjemi med læraren eller ikkje.

Eg ville ikkje skilje meg ut, så det var flautt å måtte gå ut av klasserommet

André Pilskog Tomren (16)

– Ein lærar må vere roleg og forståeleg og ikkje så veldig streng.

Han skjønar godt at det kan vere utfordrande å vere lærar, og på spørsmål om han kan tenkje seg å verte lærar sjølv når han vert stor, kjem svaret kontant.

– Nei, huff. Det verkar veldig stressande.

André har heilt andre planar enn å bruke meir tid inne i eit klasserom. Etter andreklasse på «Teknikk og industriell produksjon», kan han vere lærling i to år og så ta fagbrev.

Planen er å jobbe på supplybåt slik som pappa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL