Hopp til innhold

Ber om fire veker i varetekt for Skaundrap

Politiet ber om fire vekers varetektsfengsling av 18-åringen som er sikta for drapet i Skaun.

Den 15 år gamle jenta som ble drept i Skaun ble funnet i området ved travbanen i Børsa.

Den 15 år gamle jenta blei funnen drepen ved travbana i Skaun.

Foto: Tor Aage Hansen

– To av vekene bør sikta vere isolert av omsyn til faren for at bevis kan gå tapt, seier politiadvokat ved Sør-Trøndelag politidistrikt, Helene Harsvik til NRK Trøndelag.

Sør-Trøndelag tingrett skal i løpet av dagen ta standpunkt til politiets fengslingskrav. Dette skjer som kontorforretning, det vil seie at det ikkje blir halde noko rettsmøte.

Årsaka er at 18-åringen har samtykke til at han blir varetektsfengsla.

Bygd i sorg

I går mottok den vesle bygda i Trøndelag drapsmeldinga med sjokk og det ble flagga på halv stong.

15 år gamle Oda Moe blei funnen død ved travbana i Skaun rundt klokka 2330 søndag kveld. Ho var då blitt etterlyst av foreldra sine. Truleg blei ho drepen fire-fem timar tidlegare.

I dag er obduksjonen av den drepte 15 år gamle jenta er ferdig, men av omsyn til etterforskningen vil ikkje politiet sei noko om korleis ho døydde.

Ein 18 år gamal mann blei tatt av politiet søndag kveld. Han la raskt korta på bordet og tilstod ugjerninga. Det stadfesta advokat hans, Torfinn Svanem, mandag.

Tilstod på sms

18-åringen blei pågripen av politiet etter at dei hadde fått ei bekymringsmelding. Ifølgje VG skal han ha sendt ei sms-melding til ein ven og tilstått drapet.

Drapsofferet blei forlatt ute ved travbana mens 18-åringen sette seg i bilen og køyrde mot sør. Under køyreturen varsla han ein av sine nære vener om kva han hadde gjort.

I meldinga ba han venen om å varsle politiet om dette og kvar han var på veg. Han blei stoppa av politiet på veg til Oppdal.

Kan vere planlagt

Politiet trur ikkje 15-åringen blei drepen i sinne og vurderer difor å utvide siktinga mot den 18 år gamle mannen frå forsettleg drap til overlagt drap.

18-åringens advokat er kjent med at politiet vurderer å utvide siktinga mot klienten hans.

– Eg er kjent med at politiet vurderer å utvide siktinga til overlagt drap. Den sikta vil ikkje bli overraska om siktinga blir utvida ut ifrå det han sjølv har forklart, seier Torfinn Svanem til Dagbladet.

Budde i same nabolag

Familien til den drepte 15-åringen i Skaun budde i same nabolag som familien til gjerningsmannen.

I går føremiddag sat dei saman på lensmannskontoret og snakka om saka.

– Det var eit møte fullt av kjensler, men dei kom seg gjennom det og snakka saman om det som har skjedd, seier førstebetjent, Odd Fossland, ved Skaun lensmannskontor til NRK Trøndelag.

Minnestund

I går blei ungdomsklubben heldt open utover kvelden for at ungdommene skulle få møtes i sorgen. I kveld vil det vere minnestund i kyrkja

Børsa kyrkje er open mellom klokka 1800 og 1900 i kveld.

–Vi ønskjer å gi folk ein mulegheit til å samle og til å markere det vonde som har skjedd, seier sokneprest i Børsa og Skaun, Stein Ellinggard.

Heime på perm

18-åringen var i helga heime på permisjon frå Forsvaret. Dette var mannens andre permisjon sidan han begynte i militæret 12. august.

På Setermoen leir blei avdelinga til mannen informert om hendinga seint i går kveld.

– Det er viktig for oss å ta vare på medsoldatane til vedkommande. Vi skal informere dei om det som har skjedd og følgje opp dei som måtte trenge det, seier oberstløytnant Terje Hanssen til NRK Trøndelag.

Han legg til at ikkje var noko som tyda på at mannen oppførte seg annleis dei siste dagane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.