I tillegg har vegar vore stengde 84 gonger på grunn av fare for ras. Dei som har vorte isolerte av ras meiner likevel at dette har vore ein heilt vanleg vinter.
– Til saman har vi vore innestengde i 16 dagar, men det er å rekne som ein normal vinter, seier John Molland som er leiar av bygdelaget i Veitastrond.
Den vesle bygda med 120 innbyggjarar har vore utan vegforbindelse fleire gonger denne vinteren. I tre omgangar har dei vore innestengde i fleire dagar.
– To gonger har vegen vore stengd fire dagar, og ein gang åtte dagar. Vegen har vore stengd av ras og rasfare også utanom dette, men vegstengingar som ikkje har vore lengre enn eit døgn, tel vi ikkje med her inne, seier Molland.
Sørpeskred tok hus
I løpet av vinteren har historiene blitt mange om vegar som har vore stengde som følgje av ras og rasfare. Fleire gonger har det vore nære på at folk har blitt tekne av ras.
- LES OGSÅ:
I Balestrand fekk eit veldig regnvêr verst tenkjelege utfall då eit sørpeskred sopte meg seg eit bustadhus i mars. Sørpeskredet trefte huset med ein fart på 80 kilometer i timen og begge dei to som var i huset omkom.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Frykta er at nokon blir sjuke
For John Molland og innbyggjarane i Veitastrond er ras blitt ein del av kvardagen. Bygdelaget har gått til innkjøp av ein luftputebåt som kan frakte innbyggjarane ut av bygda når vegen er stengd. I vinter var bygda i ein periode heilt isolert etter at luftputebåten var til reparasjon då raset gjekk.
– Det verste med at vegen er stengd er frykta for at nokon skal bli alvorleg sjuk og vi er nøydde å få dei fort ut av bygda. Heldigvis har ikkje dette skjedd i vinter, seier Molland.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Ikkje unormalt
Bygda Navelsaker i Eid kommune har også vore innestengd av ras fleire gonger i vinter. Marianne Navelsaker har merka av på kalenderen kvar gong vegen har blitt stengd. I vinter har ho brukt raudblyanten 18 gonger.
– Det er på ingen måte noko unormalt, seier Marianne Navelsaker til NRK.no.
Ho og mannen Svein er blant dei 12 fastbuande i bygda. Svein Navelsaker har sidan han var liten lært seg å leve med ras og rasfare.
– Eg er fødd og oppvaksen i bygda, så eg tek det ikkje så tungt når vegen vert stengd av eit ras. Slik er det berre, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Isolerte i 14 dagar
Olav Stalheim bur på Tufto, like i nærleiken av Bakka i Gudvangen. Vegen inn i bygda har vore stengd ei rekkje gonger i løpet av vinteren. Stalheim seier det har gått ras fleire stader langs vegen.
– Vegen inn hit har nok vore stengd i minst 14 dagar til saman, seier Stalheim til NRK.
Også han er blitt van med at bygda kan bli isolert av ras og rasfare. I tillegg til at dei handlar inn litt ekstra mat når vêret gjer at skredfaren aukar, førebur dei seg også på andre måtar. Han seier det verste med å leve med rasfaren er uvissa.
– Ein må førebu seg litt psykisk, slik at det ikkje vert heilt krise når vegen vert stengd, seier Stalheim.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Mars var verst
Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen er ikkje overraska over talet på stengningar og trur ikkje dei er særleg høge i forhold til tidlegare vintrar.
– Det har vore ein lang vinter, men november, desember og januar var fine månader med kaldt og stabilt ver. Dermed var det liten forholdsvis få ras i denne perioden, seier han.
Men kulden førte til at det hopa seg opp mykje is. Då mildveret kom i mars, rasa det ein del på grunn av det.
– Mars har vore den månaden med flest ras og mange stengningar.
Spesiell vinter
Han seier vinteren har vore spesiell fordi det har vore meir vinter enn normalt på kysten og mindre vinter enn normalt i langfjella mellom aust og vest.
– I april har vi ikkje hatt vinter i høgfjellet, slik det ofte er. Dette er ein månad der det ofte er dårleg ver i fjellet, seier han.