Ordførar i Vik, Marta Finden Halset meiner vegstenginga er problematisk for innbyggjarane.
- Men det er dessverre slik at vi ikkje rår over vêrgudande, seier Finden Halset til NRK.no.
Heilårsstatus stoggar ikkje vêret
Det var i 2009 at dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete lova at riksveg 13 over Vikafjellet skulle vere vinteropen. Same år kom beskjeden om at vegen fekk status som stamveg.
- LES OGSÅ:
VIL HA TUNNEL: Marta Finden Halset meiner det er uakseptabelt at Vikafjellet er stengd så mykje. Ho vil ha tunnel.
Foto: Sindre Løkstad / NRKDei to siste vintrane har difor vegen ikkje vore nattestengt.
Likevel har det blitt mange timar for vikjene utan veg over fjellet. Så langt i vinter har vegen vore stengd i 565 timar, medan det har vore kolonnekøyring i 80 timar.
- Vêrgudane bryr seg ikkje om kva politikarane på stortinget har bestemt. Sjølv om dei seier vegen skal vere open heile året gjer vêrgudane som dei vil, seier Finden Halset.
- LES OGSÅ:
Stengd fire gonger så mykje
Alle dei store fjellovergangane i Sogn og Fjordane har vore meir stengde denne vinteren enn i fjor, viser tal frå Statens vegvesen. I hovudsak er dette fordi det har vore mykje vind.
- LES OGSÅ:
Tala frå Statens vegvesen viser at riksveg 13 over Vikafjellet har vore stengt nesten fire gonger så mykje denne vinteren som sist vinter.
Stengt 565 timar (156 timar og 8 minutt)
Kolonne 80 timar (132 timar og 20 minutt)
(Tala gjeld så langt i vinter, medan tal frå i fjor står i parentes)
(Artikkelen held fram under biletet)
STENGD: Vegen over Vikafjellet har vore stengd i nesten 600 timar så langt denne vinteren.
Foto: Torje Bjellaas / NRKRas stengde vegen i ei veke
Her har ras og rasfare sett sine tydelege spor i loggboka. For i løpet av vinteren har det gått fleire store ras på strekninga.
Den 11. januar gjekk det eit stort ras som stengde vegen i fleire dagar.
Då vegen skulle opnast den 13. januar gjekk det nye ras medan Mesta prøvde å rydde fjellovergangen. Vegen vart då stengd igjen og opna ikkje før den 18. januar.
- Til saman vart vegen stend i om lag 160 timar i løpet av denne perioden. Så det er klart at det utgjer mykje i høve til den totale summen på 565 timar stenging, seier byggjeleiar Asbjørn Røneid i Statens vegvesen.
(Artikkelen held fram under biletet)
RAS: Dette raset gjekk på Vikafjellet i mars 2010.
Foto: Odd Inge GjerakerKostbar strekning
Sidan 2009 skal altså riksveg 13 vere open heile vinteren. Vegvesenet har etter dette brukt mykje ressursar på vegen, med auka beredskap og meir utstyr.
- Det er ein relativt kostbar veg å halde open. Dette er nok den fjellovergangen i Sogn og Fjordane vi brukar mest ressursar på, seier Røneid.
Det har også vore problem med uvêr på denne fjellovergangen.
- Uakseptabelt
Ordførar Marta Finden Halset seier ho har stor tillit til at vegvesenet og entreprenøren Mesta gjer alt dei kan for å halde vegen open.
- Men alle må rette seg etter vêret, seier Finden Halset.
Ho meiner samtidig det er uakseptabel for innbyggjarane i Vik og for heile Sogneregionen at vegen som bind området saman med Voss og Bergen er så mykje stengd.
- Dette har med livskvalitet å gjere også. Folk ønskjer å ha den tryggleiken det er å vite at dei kan kome seg til og frå heile tida, seier Finden Halset.
Vil ha tunnel
Ho seier kommunen i nær 50 år har kjempa for å få til ein tunnel gjennom Vikafjellet, mellom Bødalen og Hola på Voss-sida. Denne er førebels ikkje prioritert og ordføraren er byrja bli utålmodig.
- No er det vår tur. Det vert brukt mykje ressursar på å halde vegen open, men som sagt vêret kan vi ikkje styre. Difor er den einaste løysinga at vi får ein tunnel, seier Finden Halset.
PS: Vinteren 2008/2009 var vegen Vikafjellet stengd i 1073 timar. I tillegg var vegen nattestengt i 1049 timar og det var kolonnekøyring i 226 timar. Dette året var prega av mykje uvêr, og vegen hadde heller ikkje status som heilårsveg.