Hopp til innhold

Måtte forlate snøfres etter skred

Sjåføren slapp med skrekken, då snøfresen han sat i vart delvis teken av skred på Vikafjellet.

Vikafjellet

STENGD: Rv 13 over Vikafjellet er stengd etter skred ved Skjelingavatnet.

Foto: Ingvill Reknes / NRK

- Skredet gjekk ikkje heilt over fresen, men gjekk litt oppå. Sjåføren kom seg greitt ut, seier Eivind Yttri i Statens vegvesen.

Det var under brøyting ved Skjelingavatnet på riksveg 13 over Vikafjellet at snøskredet gjekk ved 19.30-tida måndag kveld.

Vegen er no stengd inntil vidare, melder Vegvesenet.

Treng nokre timar på å opne vegen

- Vi vurderte skredfaren før vi starta brøytinga, og fann ut at det var greitt å jobbe der. Men no har det komme nye skred, og vi vurderer strekninga som ikkje tilrådeleg å jobbe langs, seier Yttri.

Vegen over Vikafjellet har vore stengd sidan måndag kveld, og først ondag morgon vil Vegvesenet ta ei ny vurdering på om dei skal brøyte vegen.

- Vegen blir ikkje opna i dag, og det vil ta fire-fem timar frå vi eventuelt byrjar å jobbe til vegen igjen er open, seier Yttri.

Skjedde i område med små skred

Han reknar den rasutsette strekninga til å vere sju-åtte kilometer midt oppe på Vikafjellet.

- Skjer det ofte at snøfresane blir tekne av skred?

- Nei, men det hender jo. Dette var eit relativt lite skred, men det skal ikkje skje i område med fare for større skred - det kan vere katastrofalt, seier Yttri.

PS: Fv 92 i Sogn og Fjordane er onsdag stengd mellom Vik og Framfjord i Vik kommune etter eit snøras.