Hopp til innhold

Begge funne døde i raset

Dei to personane som var meldt sakna etter raset i Balestrand er no funne.

Ved 19-tida tysdag kveld fekk politiet melding frå Kystvakta om at person nummer to var funnen i Sognefjorden.

– Kystvakta fann personen i nærleiken av Balestrand. Dette har vi nettopp fått stadfesta, seier lensmann Atle Førde ved Høyanger og Balestrand lensmannskontor ved 19-tida.

Politiet har i kveld gått ut med namna på dei to som var meldt sakna etter raset; Eva Anna Christa Fleming (55) og Jon Lerheim (60). Ingen av dei to som er funne omkomne er identifiserte.

Vanskelege leiteforhold

Ved 20.20-tida måndag kveld fekk politiet i Sogn og Fjordane melding om at eit ras hadde gjort store skader ved Flesje i Balestrand. Det gjekk ikkje lang tid før dei kunne konstatere at eit bustadhus var knust av det store raset, og jamna med jorda.

Eit sambuarpar i 50-åra var meldt sakna, og ein større leiteaksjon vart sett i gang. Stor rasfare i området har gjort redningsarbeidet svært vanskeleg.

Den første personen vart funnen ved 12.40-tida i dag. Røde Kors fann vedkommande omlag 300 meter frå huset som vart knust av eit større snøras måndag kveld.

NETT-TV: Her stod huset

Video Her sto huset som ble tatt av raset

NETT-TV: Her stod huset som ble tatt av raset.

Store øydeleggingar

Kystvaktskipet «Andenæs» har hatt dykkarar i sjøen i dag, utan å ha gjere funn. Rasområdet har sett ut som ei slagmark, og naturkreftene har gjort store øydeleggingar. I fjorden har det flåte plank og restar etter det som var heimen til sambuarparet.

Og rett før klokka 19.00 tysdag kveld kunne lensmannen i Balestrand stadfeste at den andre sakna personen også var funnen.

– Det er grunn til å tru at dette er den andre sakna personen som vi har leita etter, seier Førde.