Han var mellom 100 og 200 meter frå snømassane då han måtte bråstogge.
- LES OGSÅ:
- Eg kom rett rundt svingen og såg fonnvinden. Så kom det stupande ut ein trailer på andre sida av skredet. Han berga seg akkurat. Fonnvinden vart liggande ei stund før eg fekk sjå raset, fortel Ole Henrik Vigdal.
Møtte kompis
MOTSATT VEG: Daniel Nordstrand var på veg til Byrkjelo for å hente mjølk då han vart møtt av skredet i Våtedalen.
Foto: Ole Henrik VigedalSnart skulle det vise seg at det var skulekameraten Daniel Nordstrand som sat bak rattet på det møtande vogntoget - på andre sida av skredet. Vigdal gjekk rundt for å forsikre seg at vogntoget frå Nistad transport ikkje vart gravlagd i dei veldige snømassane.
Vigdal vedgår det vart eit litt spesielt møte.
- Vi gjekk på fagskulen saman og eg visste at Daniel køyrer her. Eg tenkte faktisk på han då eg såg raset. Heldigvis stod alt bra til, seier han.
OPNA ATT: E39 var nokre timar stengd etter snøskredet.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRKLite prega
Jostedølen som køyrer for Coop hadde henta varer og var på veg attende frå Byrkjelo då han vart møtt av det veldige snøskredet i Våtedalen.
- LES OGSÅ: Gravemaskin teken av snøskred
- LES OGSÅ: Måtte forlate snøfres etter skred
- LES OGSÅ: Kvinne begravd av snøskred
- Eg såg oppetter fjellsida. Det første ein tenkjer på er å komme seg unna og ikkje kome under det. Jaggu berga eg meg. Det var ikkje verst slik, legg han til og virkar lite prega av hendinga.
Berga av samtale
SÅG FONNVINDEN: Ole Henrik Vigdal såg fonnvinden frå snøskredet i Våtedalen.
Foto: PrivatLikevel, han prisar seg lukkeleg over ein samtale etter at han hadde fylt varebilen sin på Byrkjelo.
- LES OGSÅ: Bil teken av snøskred i Gudvangen
- Eg slo av ein prat med han som lossa. Det blir spekulasjonar, men det var vel det som berga meg. Då rauk det nokre sekunder der heldigvis. Sjansen for å bli teken var mykje større enn om ikkje hadde gjort det, seier han.
Buss blåst av vegen
STORT SKRED: Skredet som la seg over E39 i Våtedalen mellom Jølster og Gloppen.
Foto: Tor Erik HoddevikVigdal meiner han var kring 10-15 sekund frå å bli teken av skredet. Fleire NRK har snakka med skildrar skredet som kring 50 meter breidt og kring tre meter høgt.
- LES OGSÅ: Krev 40 milliardar til rassikring
- LES OGSÅ: Veitastrond framleis innesperra
Skredet gjekk like innanfor ein rasvoll og er i nærleiken av der ein buss vart blåst av vegen av fonnvind. Då kom skredet frå andre sida av elva.