Hopp til innhold

Ordførar hamna i rasdrama

I Arnafjord og Framfjord i Vik i Sogn var 150 innbyggjarar isolerte på grunn av eit snøras.

Marta Finden Halset

VART STOPPA AV RAS: Ordførar Marta Finden Halset sit no isolert i Arnafjord.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Ordførar i Vik Marta Finden Halset hamna midt i rasdramaet og har i dag site isolert i Arnafjord.

– Vegen vart stengd av fleire ras i går kveld. Etter at dei hadde rydda det første raset, sette eg og landbrukssjefen oss i bilen og skulle køyre heim.

Høyrde eit nytt ras kom

Bom på vegen til Arnafjord

BOM: Vegen til Arnafjord er stengd inntil vidare.

Foto: Odd Inge Gjeraker

Då vart dei stoppa av eit nytt ras som hadde kome ned fjellsida.

– Medan vi stod der, høyrde vi at eit tredje ras kom. Då snudde vi bilen i full fart og køyrde tilbake til Vik.

Dei to fekk båtskyss heim igjen til Arnafjord i går kveld.

– For oss som bur her med fjorden er det sjølvsagt dramtisk at vi ikkje kan komme oss heifrå.

Vikafjellet stengd

Vegen vart opna i ettermiddag, men Vikafjellet er framleis stengd på grunn av oppryddingsarbeid.

Til saman sju bygder på Vestlandet er isolerte på grunn av ras eller rasfare. I dag tidleg var 6000 innbyggjarar i Årdal innesperra etter at det gjekk eit stort ras over fylkesvegen. Vegen her er no opna att.