Hopp til innhold

Tekne av skred - takkar for livet

Det var for farleg å kite, difor bestemte dei seg for å køyre snowboard istaden. Denne turen viste seg å vere livsfarleg.

Video Brettkøyrarar overlevde snøskred

SJÅ TV-SAKA: Henning Hamnes og Henri Hannes kom frå raset i live.

– Eg trudde eg skulle døy, eg trudde ikkje eg vart funnen. Eg visste at eg hadde luft for 10-15 minutt, seier Henri Hannes frå Hamburg i Tyskland.

Saman med kompisen Henning Hamnes hadde han teke seg ei veke ferie i Aurlandsdalen i Sogn. Dei er begge fjellvande og har gått mange turar saman, men dette vart eit tur dei seint vil gløyme. For eit enormt snøskred kom ned mot dei i tretida i går ettermiddag.

Tre timar under snøen

Begge vart tekne av skredet og det skulle ta tre timar før Hannes vart funnen.

–Kompisen min stod litt nedanfor meg, bak ein stein. Eg køyrde og brått losna heile fjellsida, fortel Henning Hamnes.

Høyr Henning Hamnes fortelje om det dramatiske han opplevde.

– Tenkte eg skulle overleve

Redningsaksjon ved Østerbø
Foto: Arve Uglum / NRK
Ambulanse på Østerbø

SEND MED AMBULANSE: Kompisen til Henning Hamnes vart køyrd til sjukehus på Voss.

Foto: Arve Uglum / NRK
Leiteaksjon ved Østerbø

STOR LEITEAKSJON: Alt tilgjengeleg mannskap vart kalla ut for å leite etter den sakna mannen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Raset var 30 meter breitt og fleire hundre meter langt. Hamnes seier dei hadde englevakt.

– Eg fall og vart sitjande oppå raset, eg blei dregen nedover. Eg prøvde å kjempe meg opp etterkvart som eg vart slegen ned. Det var langt ned til botnen av dalen. Det einaset eg tenkte var at dette skal eg overleve.

Redda av snøbrettet

Han vart dytta utfor ein skrent og flaug nedover 40 meter. Han såg buskar og tre komme imot.

– Hadde eg ikkje hatt snowboard så hadde eg ikkje site her i dag. Det traff trea og knakk i to. Etter det hadde eg ikkje mykje kontroll, for då landa eg og snurra rundt. Eg prøvde å symje meg opp i raset. Det tok ei evigheit før eg stoppa.

Tenkte på hyttetak-hoppinga

Han ante ikkje kvar kompisen var. Han var ikkje redd og prøvde å halde hovudet kaldt.

– Eg låg med hovudet låg under snøen og kjente eg mista lua og brillene. Eg higa etter pusten, men det var vanskeleg å puste for det var snø i munnen og resten av ansiktet. Til slutt klarte eg å grave fram ansiktet og fekk litt luft. Eg ropte på kompisen, men fekk ingen svar.

– Korleis klarte du å halde hovudet kaldt?

– Då eg var liten, hoppa eg frå hyttetaket og ned i snøen. Det hende at eg sette meg fast, fekk panikk og vart redde. Eg tenkte korleis eg kom meg laus på den tida. Dermed klarte eg å roe meg og fekk ikkje panikk.

Kunne ikkje tenke på kameraten

Så kjente han at han hadde ein arm og begge beina fri. Han klarte ikkje å reise seg, men klarte å få tak i mobiltelefonen. Dermed klarte han å ringe etter hjelp.

– Kva tenkte du om kompisen?

– Medan eg låg der kunne eg ikkje tenkje på han. Eg måtte fokusere på å få fram redningsmannskap.

Kameraten Hannes låg i tre timar under ein meter med snø.

– Eit mirakel

Han seier det er heilt utruleg at dette gjekk bra.

– Det er så mange tilfeldigheiter, som at vi klarte å finne han i live etter tre timar under snøen. Hadde eg ikkje kome oppå raset og etterkvart fått tak i telefonen, så hadde vi ikkje vore i live i dag. Det var ingen som visste kvar vi var.

Hamnes kjenner seg litt mørbanka og har forstua ankelen. Kompisen ligg på sjukehus på Voss men har det etter forholda bra. Henning kallar det eit mirakel.

– Det er utruleg at vi klarte å finne han i live etter tre timar. Men han var så erfaren at han visste kva han skulle gjere for å skape seg luft.

Heldt motet oppe

Dagen etter er han òg veldig takksam. I ein time og ti minuttar, medan dei venta på å bli redda, prata redningssentralen Henning gjennom det heile.

– Då fekk eg lov å sutre litt og fekk heile tida informasjon om kva som skjedde. Det finns ein fantastisk godheit i det norske samfunnet. Alle dei som kom for å hjelpe, eit utruleg apparat blei sett igang for å hjelpe oss.

Takkar

Alt tilgjengeleg mannskap vart kalla ut for å berge dei to mennnen. Mellom anna redningshelikopter, politi, Sivilforsvaret, Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Norske Redningshunder deltok i redningsaksjonen.

Også Henri Hannes er takknemleg for hjelpa han fekk.

– Redningsmannskapet gjorde ein kjempeinnsats, utan dei ville eg ikkje vore i live.

Burde teke skredtest

Og etterpåklokskapen fortel han at dei skulle vore meir forsiktige.

– Vi burde teke ein skredtest, men det gjorde vi ikkje. Det er mykje vi skulle gjort anneleis og vi burde ikkje vore der. Men når det først skjedde var det mykje vi gjorde rett.