På kort tid gjekk det tysdag føremiddag fleire ras på vegen mellom Gudvangen kai og Bakkatunnelen. Halset hamna midt i det heile.
- Det var ubehageleg, men eg vart ikkje så redd,
- Ei kvit elv rann framfor bilen
Han var på veg heim frå arbeid då han først oppdaga at vegen var stengt av eit snøras. På veg tilbake til tunnelen for å søke ly kom det fleire ras.
- Eg prøvde å rygge bakover, men trefte ein brøytekant og såg ingenting, seier Halset til bt.no.
- LES OG:
Av bileta kan ein tydeleg sjå at det ikkje var mange meterane om å gjere at heile bilen kunne ha blitt tatt av rasmassane.
Halset vart sitjande i bilen til raset hadde roa seg. Då søkte han ly inne i tunnelen. Seinare klatra han over tre ras for å kome seg ut av rasområdet.
(Artikkelen held fram under biletet)
MIDT I RASET: Det var ikkje mykje om å gjere at bilen vart tatt av raset tysdag.
Foto: Bt.no/Arne HofsethFleire bilar nær tatt av ras
Også i Sogndalsdalen kom ein bilførar frå det med skrekken då bilen hans tysdag vart sitjande fast etter eit ras på riksveg 5.
- LES OG:
Onsdag vart ein bil nær tatt av eit isras på fylkesveg 614 ved Haukåtunnelen mellom Grov og Svelgen.
- LES OG:
Her har eit helikopter i dag drive med isrydding.
(Artikkelen held fram under videoen)
Stengde vegar og nye ras
Onsdag kveld er fylkesveg 241 mellom Gudvangen og Bakka framleis stengt. Ved vegmeldingssentralen veit dei ikkje sikkert kor tid vegen kan opne att.
Det same gjeld for fylkesveg 242 Aurlandsvangen – Skjerdal.
Også riksveg 13 over Vikafjellet er onsdag kveld stengt grunna ras. Her hadde vegvesenet håpa å opne vegen ved 19-tida, men det gjekk ikkje etter planen.
- Ved 18-tida gjekk det eit nytt ras på Vikafjellet. Vegen vert difor tidlegast opna torsdag, seier vakthavande Arne Stadheim ved vegmeldingssentralen.