Hopp til innhold

Stadig fleire handlar gåvene online

Jula nærmar seg, og også i år kjem vi til å handle for endå meir pengar enn i fjor. Likevel fryktar stadig fleire butikkeigarar konkurs. Grunnen: netthandel.

Julehandel på Karl Johan

Julegåver har blitt ein naturleg del av julefeiringa, men stadig færre handlar gåvene i fysiske butikkar. Her frå Karl Johans Gate i Oslo like før 24. desember 2011.

Foto: Varfjell, Fredrik / Scanpix

Kroppen på sofaen, ønskjelister på PC-en og kredittkortet i handa. Det er noko skremmande enkelt med å kjøpe ting via nettet.

Det gjeld sjølvsagt innkjøpet av julegåver til foreldre, søsken, born og venner.

Og i år vil den samla innkjøpssummen for julegåver i Noreg halde fram med å auke.

Ifølgje handelsorganisasjonen Virke kjem nordmenn til å handle for nesten 50 milliardar kroner i desember.

Det er ein auke på tre prosent samanlikna med fjoråret.

Saka held fram under bildet.

netthandel

Kredittkortet i handa og julegåvene på skjermen. Dei tradisjonelle butikkane fryktar nettbutikkane, og nettbutikkane ser større konkurranse på nettet.

Foto: Colourbox

– Merkar det tydeleg

Trass dei høge summane, og auken i julegåveomsetninga, fryktar dei fysiske butikkane. For nettbutikkane tek over.

– Ein merkar tydeleg at det blir fleire små ordrar enn vi har til vanleg.

Det seier André Stornes i Ulsteinvik. Han har drive netthandle innan elektronikk og foto i 10 år. No merkar han godt at jula nærmar seg.

– Vanlegvis sel vi mest til bedrifter, men før jul sel vi meir mindre pakkar.

– Ordrar for rundt 500 til 1000 kroner, seier Stornes.

Netthandel

Klede, elektronikk, leiker og sportsutstyr. Det meste kan bli kjøpt på nettet.

Foto: Arnstein Jensen / NRK

Merkar òg konkurransen

Han ser at netthandelen overtek den shoppinga folk tidlegare har gjort på kjøpesenter og lokale butikkar.

– Ja, det er klart vi gjer. Butikkar merkar nok netthandelen.

– Men vi som driv nettbutikkar merkar òg den harde konkurransen. Fleire prøver seg på nettet, og på små ting som elektronikk er der konkurranse frå utlandet òg, fortel Stornes.

I desember er han i éin av bransjane som minst doblar omsetninga.

Bergsvein Brøske

Bergsvein Brøske ved Amfi Sunndal fortel at konkurransen med nettet er knallhard.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Utfordrande

Netthandelen står sterkare enn for få år sidan, og Bergsvein Brøske ved Amfi Sunndal ser at bransje må fornye seg.

– Over tid er det ikkje tvil om at det blir veldig utfordrande for butikkar og ulike bransjar. Ein må fornye seg.

Han trur fleire vil få det tøft.

– Ein risikerer at fleire ikkje klarer konkurransen mot nettet.

– Nokre vil ikkje få det til å gå rundt økonomisk, noko som gjer at dei må kaste inn årene, trur Brøske.

Kvar handlar du julegåvene dine? Og korleis trur du julegåveinnkjøpa vil skje 10 år fram i tid?