Hopp til innhold

Rekordmange jervekull skaper frykt

Det ligg an til å bli rekordmange jervar i aktivitet i år. Ikkje på 12 år er det registrert like mange kull. Bøndene er livredde for sauene sine, men andre jublar.

Jerv

Jervestammen aukar. Det er påvist 68 nye kvalpekull i år. Det skaper frykt hos sauebøndene.

Foto: BBC

Årets registering av jerv viser at 2012 blir eit rekordår: det er påvist 68 kvalpekull. Dette er fleire enn på mange år, og nesten dobbelt så mange som politikarane har gitt grønt lys for.

30 000 sauer drepne

Inge Martin Karlsvik

Bondelagsleiar Inge Martin Karlsvik seier mange bønder ser med gru fram mot neste beitesesong.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Dette skjer samstundes som 30 000 norske sauer blei drepne i fjor - flesteparten nettopp av jerven. Leiaren i bondelaget i Møre og Romsdal, Inge Martin Karlsvik, syns det er ille at jerven får lov til å yngle slik han no gjer.

- Det er ikkje først og fremst det økonomiske tapet som er vanskeleg for sauebonden, men det at dyr vi har ansvar for blir drepne og lir, seier han.

Utryddingstrua art

Men jerven sjølv lever eit farleg liv, og er utryddingstrua. Han står i fare for å forsvinne frå norsk natur, etter statleg finansiert utrydding på 1800-talet. Fagsjef Arild Skedsmo i miljøorganisasjonen WWF seier dei høge kulltala er svært gledelege.

Arild Skedsmo

Fagsjef Arild Skedsmo i miljøorganisasjonen WWF seier kulltala er svært gledelege.

Foto: Katrine Gjærum/WWF-Norge

- Jerven er eit sterkt utryddingstrua rovdyr, og det at dei formerer seg og føder mange born, er utelukkande ei gladnyheit, seier Skedsmo. Han meiner bestanden i Noreg er unaturleg låg.

- Stortinget har lagt seg på ei linje der dei pressar talet ned mot utrydding, seier Skedsmo.

  • Kva syns du? Må berre sauebøndene finne seg i at jerven drep sauer, så lenge dei driv landbruk i Noreg? Skriv inn kommentar under artikkelen!

Vil betale mindre til bøndene

Direktoratet for naturforvaltning betalte staten ut nesten 70 millionar kroner i 2011 til norske sauebønder, for sauer og lam som vart rivne i hel og drepne på beite. Mesteparten av skadane sto jerven for. WWF meiner styresmaktene burde brukt pengane annleis.

Sau drepen av jerv i Luster

Ein sau som truleg blei drepen av jerv i Luster i Sogn og Fjordane i fjor.

Foto: Statens Naturoppsyn

- Vi forstår det er vanskelig for bøndene som misser dyr, men vi trur at ein del av pengane som går til å ersatte dyr, kunne vore brukt til å forebygge konflikt mellom sau og jerv, seier Skedsmo. Han foreslår mellom anna fleire gjetarar som kunne passe på sauene, og kraftigare gjerder rundt dei.

- Snarlik bjørnen

Men frykta for jerven er ikkje grunnlaus. Ifølgje Direktoratet for naturforvaltning har han eit ekstremt kraftig bitt, er snarlik bjørnen og kan drepe byttedyr som er mange gonger større enn seg sjølv. Han tilhøyrer mårfamilien, og har ingen problem med å transportere bytta sine fleire kilometer.

400 jerv i fjellet i vinter

Bortimot 400 jervar vil truleg operere i den norske fjellheimen i vinter. For ikkje på 12 år har det blitt registrert så mange jervekull som i 2012. Dei fleste er registrerte i Troms og Finnmark, Møre og Romsdal og trøndelagsfylka. Årsaka er truleg at jerven har hatt god tilgang på mat, på grunn av gode smågnagarår. Men for bøndene er det berre leitt.

- Mange ser nok med gru fram mot neste beitesesong dersom vi ikkje får gjort noko med uttaket av jerv, seier Inge Martin Karlsvik i Møre og Romsdal Bondelag.