Hopp til innhold

Folket krev betre sykkelvegar

Sjølv om nesten alle nordmenn eig ein sykkel, er det berre eit fåtal som syklar til jobben og butikken. I Ålesund vil ikkje kommunen anbefale sykling fordi det er så dårleg tilrettelagt.

Sykkelveg

Stadig fleire syklar til jobb. Men det er ikkje over alt at det er lagt så godt til rette for sykling som her.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Gudmund Hoel

Gudmund Hoel i Ålesund kommune vil ikkje anbefale innbyggjarane å sykle til jobb. Sjølv tar han sjansen.

Foto: Aina Rødal / NRK

Ein av stadene der få syklar til jobb og skule er i jugendbyen Ålesund. Med sine smale gater har Ålesund enda på jumboplass tre gongar i Syklistenes Landsforening si kåring av den beste sykkelbyen i landet. No går kommunen ut og spør innbyggjarane kva som skal til for at dei skal bruke sykkelen, sjølv om dei nok veit svaret.

– Gatene i Ålesund er trange både i og utanfor sentrum. Det er svært dårleg tilrettelagt for sykling, seier overarkitekt Gudmund Hoel i Ålesund kommune.

Han er rett og slett redd for å gå ut til folk å anbefale dei å sykle, fordi byen manglar sykkelvegar. I alt 30 kommunar er ned i undersøkinga som skal gjennomførst i haust.

  • Syns du syklistane har gode nok vegar der du bur? Skriv inn i kommentarfeltet under artikkelen!

Fleire sykkelvegar

Men forsking finst det allereie. Folk over heile landet krev betre sykkelvegar, viser ei undersøking Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) har gjort. Dei ville finne ut kva som skal til for at folk skal sykle meir i kvardagen.

Undersøkinga viser at 76 prosent meiner at fleire sykkelvegar er det viktigaste tiltaket for å auke sykkelbruken. Over 50 prosent meiner at det er viktig at fotgjengarar og syklistar må skiljast frå kvarandre og ha eigne vegar.

Har potensial

– Vi trur i utgangspunktet at Ålesund har eit flott potensial til å bli ein god sykkelby med den langstrakte forma og dei milde vintrane, seier Hoel, som sjølv er ein ivrig syklist. Ålesund kommune jobbar no med reguleringsplanar for å lage eigne sykkelfelt inn til byen. Men det vil ta tid.

Nesten alle har sykkel

77 prosent av det norske folket eig eller har tilgang til sykkel, viser tal frå SIFO. Likevel er det eit fleirtal som sjeldan eller aldri brukar sykkelen til daglege gjeremål. Målet til styresmaktene er at innan 2023 skal åtte prosent av transporten i landet gå føre seg på sykkel. I byane skal dei syklande utgjere mellom 10 og 20 prosent.

Om fem-ti år når sykkelvegane er ferdig, trur overarkitekten i Ålesund at talet på syklistar vil både doble og tredoble seg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL