Hopp til innhold

-Guro var livleg, morosam og brydde seg om alle

Kyrkja i Ørsta var i dag heilt fullsett av vener og bygdefolk som ville markere eittårsdagen for Guro Vartdal Håvoll og 76 andre sin bortgang.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Minnemarkering i Ørsta

Framme i Ørsta kyrkja låg raude roser saman med eit innramma bilete av ein blid 18-åring, Guro Vartdal Håvoll. Mange av dei som kom i minnemarkering i kyrkja i dag, kjende den samfunnsengasjerte musikkeleven som brutalt miste livet på Utøya 22. juli i fjor.

Tenkjer på familien

– Midt oppe i alt det offisielle i dag, må vi ikkje gløyme kven som ber den tyngste børa. Guro sine foreldre, søsken og alle dei andre som miste ein av sine næraste, sa prest Mathias Austrheim.

Kyrkjene rundt om i heile landet har vald tekstar og salmar med temaet tru, håp og kjærleik, og slik vart det også i Ørsta.

Ørsta kyrkje

Ørsta kyrkje var i dag fullsett under minnegudstenesta for eittårsdagen for 22. juli.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Eit talent

Leiar i Ørsta Arbeidarparti, Petter Bjørdal, heldt også eit minneord om Guro. Ho var var ungdomskandidaten til partiet i kommunevalet.

– Guro var eit stor politisk talent med ei lysande framtid. Guro hadde eit motto: «Ver den endringa du ynskjer å sjå i verda», sa Bjørdal.

Han ser at etter terroråtaka 22. juli har gjort at kvar enkelt har vorte flinkare til å sette pris på livet.

– Vi ser at kvar dag er ei gåve og at dei nære ting har vorte viktige for oss, sa Bjørdal.

Djupt sakna

Etter gudstenesta var det mange som drog til gravstaden på Vartdal, der dei la ned blomster på grava. Ein av dei var næraste nabo og Arbeiderpolitikar Ingvild Aasen.

– Guro var glødande interessert i alle som var rundt seg og dei som stod utanfor i samfunnet, seier Aasen

Rart for venninnegjengen

Maria Kjelkenes er ei av barndomsvenninnene til Guro. Ho seier at det har vore eit rart år for vennegjengen.

Guro Vartdal Håvoll

Maria Kjelkenes og Guro Vartdal Håvoll var barndomsvenninner. Maria har tenkt på Guro kvar einaste dag det siste året.

Foto: privat

– Eg tenkjer på Guro heile tida. Vi har levd i ei boble det siste året, og har vore mykje trist, fortel Maria Kjelkenes. Tankane om Guro dukkar opp i alle situasjonar.

Eit eksempel er då ho i går var på veg heim frå jobb og såg at det låg søppel på vegen. Då tenkte Maria at Guro ville ha plukka det opp fordi ho hadde eit brennande miljøengasjement. Difor gjorde ho som Guro ville ha gjort og tok opp søppelet.

– Guro var livleg, morosam og brydde seg om alle, seier Kjelkenes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL