Hopp til innhold

Finn ikkje bjørnen og gir opp jakta

Det er ikkje spor av bjørn verken i Sunndal eller Rauma. Jegerane gir opp å finne bjørnen i denne omgangen.

Sau drept av bjørn

Eit titals sauer vart drepne av bjørn i Isfjorden og Fylkesmannen gav difor fellingsløyve.

Foto: Privat

Harry Magne Brude

Harry Magne Brude gir opp å ta bjørnen som tok livet av eit titals sauer i Isfjorden.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
Ole Morstøl

Sauebonde Ole Morstøl henta ned sauene sine frå fjellet for å telje dei.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Bjørnejakta i Møre og Romsdal har ikkje gitt resultat. I Isfjorden i Rauma tok bjørn livet av eit titals sauer, medan ein vaksen sau i Grøvudalen i Sunndalsfjella vart drepen på same måte. Dermed gav Fylkesmannen fellingsløyve på begge stadane.

Ikkje håp

I Rauma har jegerar vore ute på post nattetid, men no har dei gitt opp.

– Ikkje har vi gjort observasjonar av bjørn og ikkje har vi sett fleire sauekadaver. Så utsiktene til å ta bjørnen er lik null, seier leiar av fellingslaget i Rauma, Harry Magne Brude.

Fristen er ute

Fellingsløyvet går ut i morgon, måndag 16. juli. Kvar natt har to-tre mann frå jaktlaget vore ute for å høyre etter uroleg sau. Men det har vore heilt stille dei siste 14 dagane.

– Kvar bjørnen er eit ope spørsmål, seier Brude.

Ingen bjørn i Sunndal

Fellingslaget i Sunndal har heller ikkje gjort observasjonar som tyder på at bjørnen er i nærleiken.

– Eg trur ikkje bjørnen er i området no, sidan det ikkje finst nye sauekadaver, seier leiar i fellingslaget, Erik Mæhle.

Deira løyve går ut på tysdag, men Mæhle har ikkje noko håp om å ta bjørnen innan den tid. Han satsar heller på at Fylkesmannen gir nytt løyve, dersom fleire sauer vert drepne i sommar.

LES OGSÅ: