Hopp til innhold

Bonden fryktar talet på drepte sauer vil stige etter bjørneangrep

Måndag kveld var talet på drepne sauer kome opp i seks. Bonden trur bjørnen som har vitja Isfjorden i Rauma har drepe fleire. – Det er ein veldig uvant situasjon.

Sau drept av bjørn

Denne sauen er éin av fleire som har blitt drepe av bjørn i Isfjorden i Rauma.

Foto: Privat

Det var søndag at bonde Ole Morstøl i Liabygda fann fleire døde sauer. Først var det opplyst om fire, medan talet måndag kveld var oppe i seks drepne dyr.

Statens Naturoppsyn var tidleg på staden, og kunne nesten slå fast at det var snakk om bjørneangrep.

At ein bjørn skal ha vore i nærområdet får Morstøl til å stusse.

– Det er uverkeleg. Eg har aldri høyrt at her har vore bjørn i området, i alle fall ikkje på 100 år. Så dette er ein veldig uvant situasjon.

– Eg har aldri vore borti rovdyrtap før. Det er litt surrealistisk, og det har ikkje heilt gått opp for meg enno, seier Morstøl måndag kveld.

Hannbjørn på leit etter binne

Rune Horvli, rovviltkontakt i Statens Naturoppsyn, var i Liabygda på synfaring måndag. Han trur dei drepne sauene i Isfjorden i Rauma kan ha samanheng med hendingar på Lesja.

– Det kan vere ein samanheng mellom dette og det som skjedde på Lesja for nokre veker sidan.

– Der blei sau drepne av bjørn, og sidan det har ein ikkje sett bjørn på Lesja. Bjørnen er sporlaust forsvunne, og den kan ha vandra til Isfjorden, seier Morstøl.

– Har det vore bjørn i området tidlegare?

– Ja, seinast i 2008 var det ein som vandra opp mot Isfjorden. Den gongen var derimot ikkje bjørnen nede i bygda så vidt vi veit. Denne har derimot trekt ned mot gardane.

– Kva er grunnen til at ein bjørn vandrar til Isfjorden?

– Det lurer vi også på, men det er nok gjerne desse unge hannbjørnane som er ute på vandring.

– Enda på visa er at han vil ha ei make, men det finn han ikkje i Isfjorden. Det er ingenting som tyder på at her finst binner, og det er heller ingen grunn til å tru at det er meir enn éin bjørn som har vandra, seier Horvli.

Ole Morstøl

Bonde Ole Morstøl har fått seg ein lite støkk, etter at minst seks av sauene hans er drepe av bjørn.

Foto: Privat

– Eg er sjølvsagt engsteleg

Så langt har sauekadaver utelukkande blitt funne heilt tilfeldig. No håper bonde Morstøl å lokalisere fleire drepne sauer – for det trur han der er.

– Der er truleg fleire sauer som er drepne, og som framleis ikkje er funne. Eg er sjølvsagt engsteleg for sauene på fjellet no, seier Morstøl.

Så langt har dei ikkje brukt hund i søket.

– No blir det ekstra tilsyn, og så prøver vi å få folk med kadaversøkjande hundar. Hundar som er trent opp, og som fortast mogleg finne fleire kadaver.

– For det er klart grunn til å tru at fleire sauer enn dei seks som er funne så langt er døde. Men det er vanskeleg å spekulere i kor mange, sukkar bonden.

Bjørnen kan vere vekke for lengst

Horvli i Statens Naturoppsyn fortel at veldig store område framleis ikkje er søkt gjennom enno. Han fryktar – som Morstøl – at langt fleire sauer er drepne av bjørn.

– No har vi oppfordra til å setje opp lyttepostar for å høyre etter uroleg sau. Det er eit teikn på bjørneaktivitet. Så skal vi leite etter kadaver.

Dei drepne sauene som så langt er funne er 6–7 dagar gamle kadaver.

– Vi har ikkje funne nokon heilt ferske. Så bjørn kan allereie vere ute av Rauma og inne i nabokommunar, for det vi veit, seier Horvli.

Han er derimot klar på at folk har lite å frykte.

– Folk skal bruke fjellet, og det er ørsmå sjansar for at ting kan gå gale opp mot menneske. Er ein uheldig nok til å gå på ein bjørn som ligg over matfaren, så trekk bjørnen som oftast unna, fortel Horvli – som også er i prat med Fylkesmannen om fellingsløyve på nemnte bjørn.

– Går litt utover motivasjonen

Bjørneangrepet søndag skjedde berre 200 meter unna nærmaste hus og gard.

– Det sett ein liten støkk i ein, men eg vil nok halde fram som før, seier bonde Morstøl.

At bjørn har vore såpass nær, og ikkje minst har drepe mange sauer på eit konsentrert område, går derimot ut over arbeidet.

– Det går utover motivasjonen, spesielt på kort sikt. Men no må eg sjå korleis det går framover, avsluttar Morstøl.