Hopp til innhold

Klar til å skyte

Han vert kalla for ein frykta bjørnejeger, og han har felt 38 bjørnar hittil. No vil Hermann Sotkajärvi (61) reise til Rauma for å skyte nummer 39.

Hermann Sotkajærvi

Hermann Sotkajärvi vert sett på som landets dyktigaste bjørnejeger.

Foto: Mikkola, Roy, TV2 / Scanpix

Han er rekna som Noregs dyktigaste bjørnejeger, og no vil han hjelpe å finne bjørnen som har herja i Isfjorden i Rauma kommune.

– Det er ikkje utelukka at eg kan ta meg ein tur. Men det er veldig tidkrevjande og vanskeleg å felle bjørn. Det er ein fordel å ha ein god hund, fordi bjørnen er flink til å utnytte terrenget for å skjule seg, fortel Hermann Sotkajärvi frå Finnmark.

Bjørnen er vanskeleg å finne fordi han er halvparten så stor som ein elg når han står på alle fire. I litt vegetasjon kan han vere umogeleg å få auge på.

Løyve i to veker

Det har blitt bestemt at bjørnen skal fellast, etter at Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gjeve løyve i 14 dagar. Fellingslag har blitt oppretta i Rauma og Nesset, men berre eitt av laga har tidlegare erfaringar med bjørn.

Mannen frå Pasvik i Sør-Varanger kommune fortel også at bjørnejakt ikkje kan samanliknast med å jakte elg eller anna vilt.

– Det er lurt å begynne jakta ut ifrå eit ferskt kadaver, og bruke hund for å søkje etter spor. Ein kan også sitje på post for å halde utkikk. Nokre bjørnar kjem tilbake til kadaveret sitt, seier Sotkajärvi.

Sauekadaver i isfjorden

Dette sauekadaveret vart funne i nærleiken av Isfjorden i går.

Vil drepe meir

Sotkajärvi trur at bjørnen i Isfjorden vil halde fram med slaktinga.

– Når bjørnen først har begynt å drepe, vil den fortsetje heilt til bæra vert moden. Då kuttar den ut sauen, og et bær i staden. Når bæra forsvinn vil bjørnen vende tilbake til fårekjøt.

Jegeren meiner at det også er trist å skyte bjørn, og han skulle gjerne latt dei vere. Men han konstaterer at det ikkje er mogeleg å ha bjørn i eit beiteområde der sauen ferdar.

– Enten må sauen bort, eller så må bjørnen skytast, seier finnmarkingen.

Hermann Sotkajärvi frå Finnmark har blitt ein frykta bjørnejeger. I sin samiske oppvekst lærte Sotkajärvi å elske bjørnen som sin firbeinte bror. Han vart seinare rekruttert av myndigheitene til å bli den mest effektive bjørnejegeren i landet. Oppdraget hans går ut på å felle bjørn i villmarka som han tidlegare levde side om side med.

Sau drept av bjørn

Denne sauen vart drepen av bjørn tidlegare i år.

Foto: Privat

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL