Hopp til innhold

Mr. Hødd håper cupbølgja går heilt til Ullevål

646 kampar, 460 scoringar. Kjetil Hasund er ei levande legende for alle som heiar på Hødd. I morgon får laget frå Ulsteinvik besøk av Asker i 4. runde av cupen. Med siger kan Hødd nå kvartfinalen for første gong sidan 1995 ...

Hødd får besøk av 2.divisjonslaget Asker i 4.runde i cupen og kan nå kvartfinalen for første gong sidan 1995. Hødd er i skuggen av Molde og Aalesund, men var i perioden 1965-1972 fylkets beste lag. Mr. Hødd sjølv frå den tida var Kjetil Hasund, og han håper blåtrøyene kan nå langt i cupen...

Hødd er i skuggen av Molde og Aalesund, men var i perioden 1965–1972 fylket sitt beste lag. Mr. Hødd sjølv frå den tida var Kjetil Hasund, og han håper blåtrøyene kan nå langt i cupen.

Kjetil Hasund

Den audmjuke Kjetil Hasund kunne godt ha tenkt seg éin cupkamp til. Kampen mellom Hødd og Asker i 4. runde av cupen må han derimot sjå frå tribunen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Det er mange minne knytt til denne bana her, ja, smiler Kjetil Hasund i det han entrar Høddvoll.

Har du høyrt om Hødd, så har du mest sannsynleg høyrt om Hasund. Han herja med storlaga på 1960- og byrjinga av 70-talet. Han er ein av dei som skal ha æra for at Hødd faktisk var eit storlag for 40 år sidan.

– Ein må ikkje gløyme at eg spelte på eit veldig godt lag. Med mange gode spelarar.

– Vi kjente kvarandre ut og inn, og dei visste kvar eg stod på bana, seier den lune mannen – som tidlegare i år fylte 70 år.

Hugsar tilbake til 1981

Han er på kvar heimekamp, og følgjer klubben tett – som så mange andre tidlegare Hødd-spelarar. For det er noko spesielt med den vesle klubben.

– Vi er ein folkeleg klubb.

– Hødd har alltid vore i hjartet mitt, og eg trivst utruleg godt i Hødd. Då eg spelte hadde eg mange tilbod, men eg valde klubben og Ulsteinvik, seier Hasund.

Han legg ikkje skjul på at dama som seinare blei hans kone, også var ein viktig grunn til at han blei i Hødd. Han har mange minne frå fotballbana, men noko av det han hugsar best er storkampen mot Vålerenga i 1981.

– Det var vel 11-12.000 tilskodarar her. Det hadde nok ikkje blitt tillate i dag, humrar Hødd-legenda.

(Saka held fram under bildet)

Hødd Vålerenga 1981

Kampen mellom Hødd og Vålerenga i 1981 er historisk og legendarisk i Ulsteinvik.

Foto: Arkiv / NRK

– Sjansane er der

Men det var den gongen, torsdag er det cupkamp i 2012. Hødd tek i mot Asker i 4. runde, der blåtrøyene er favoritt. Dersom Hødd vinn, blir det første gong laget er i kvartfinale i NM sidan 1995.

Men Hasund vil ikkje la det stoppe med kvartfinale.

– Sjansane for cupfinale er der, absolutt. Men då må ein ha både flaks og flyt. Trekninga betyr ein del, og heime- eller bortekamp betyr ein del.

– Med litt flaks kan det gå heile vegen, seier Hasund.

Han står på banen der Hødd og Asker møtest i morgon, og 70-åringen kan ikkje anna enn å mimre.

– Det hadde ikkje vore så dumt å vere ung igjen. Det kriblar litt i føtene!, avsluttar Mr. Hødd.

Hødd-Asker

Hødd og Asker har møttest mange gonger tidlegare. Sist gong var i fjor, 2011, då begge laga spelte i 1. divisjon. Då vann Hødd 3–0 – og var med på å sende Asker ned til 2. divisjon.

Foto: NRK