Hopp til innhold

Fellingslag skal jakte bjørn for første gong: – Vi står på bar bakke

Bjørnen som har herja i Isfjorden skal fellast, etter at Fylkesmannen har gjeve løyve i 14 dagar. Fellingslag har blitt oppretta i Rauma og Nesset, men berre eitt av laga har tidlegare erfaringar med bjørn.

Ein bjørn har drept minst åtte sauer i Liabygda i Isfjorden i Rauma kommune. No har Fylkesmannen gjeve fellingsløyve.

Både sauebonden og folk i Liabygda i Isfjorden er sjokkerte over bjørneangrepet den siste tida. Rovviltkontakt Rune Horvli veit om bjørn som har vandra til traktene tidlegare, men aldri så nær befolkning.

– Her i Rauma står vi på bar bakke. Det er litt annleis i Nesset der dei hadde eit jaktlag på bjørn for nokre år sidan.

Det seier Harry Magne Brude, som er leiar for fellingslaget i Rauma.

Han skal prøve å få has på bjørnen som har herja og drepe minst åtte sauer i Isfjorden. I går tysdag innvilga Fylkesmannen fellingsløyve på bjørnen.

– Det er heilt i oppstartsfasen. Vi beskjed om fellingstillatelsen på bjørnen, som eventuelt er i området enno. Vi har ikkje hatt noko kontakt med laget i Nesset enno, sa Brude i går ettermiddag.

– Men vi skal prate grundig med fellingslaget i Nesset, samt med rovviltkontakten om kva vi skal gjere vidare, la han til.

(Saka held fram under bildet)

Område der sauene døydde

Det er i dette området at bjørnen skal ha herja, og drepe minst åtte sauer.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Sau drept av bjørn

Her ser vi éin sau som har måtta bøte med livet på grunn av bjørn.

Foto: Privat

– Vi må vere sikre på at bjørnen døyr

Brude fortel at dei håper på hjelp frå Statens Naturoppsyn, der dei har hundar som kan finne bjørn.

– Vi som er utan erfaring kan då bli sitjande på postar, slik at vi kan setje i gong fellingsforsøk.

Dersom dei finn bjørnen etter ferske spor, veit Brude så mykje som at bjørnen ikkje berre kan skadast.

– Det er ikkje som å jakte på andre dyr. Dersom ein skadeskyt ein bjørn, så går den til angrep på andre dyr i flukta.

– Dersom vi skyt så må vi vere sikre på at bjørnen døyr, slår Harry Magne Brude fast.

No ventar dei på nye kadaverfunn eller opplysningar om kvar bjørnen kan opphalde seg.

(Saka held fram under bildet)

Odd Morstøl

Odd Morstøl har vore sauebonde i 60 år, men han har aldri sett bjørn.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK
Ole Morstøl

Sauebonde Ole Morstøl synest situasjonen er uverkeleg. Så langt har han mista åtte sauer til bjørnen.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Har aldri sett bjørn i området

I går var det stor aktivitet i Isfjorden i området der bjørnen hadde vore på ferde. Det er sauebonde Ole Morstøl som har mista ein stor del av flokken.

Han var i går oppe på fjellet der dei tidlegare hadde funne kadaver.

– Det er ein uverkeleg situasjon. Det er utriveleg å vite at sauen har lidd så mykje, seier Morstøl. Det vart funne to nye kadaver tysdag.

Ein som ikkje lenger er sauebonde, men som har vore det i mange år, er nesten 90 år gamle Odd Morstøl.

– Eg har drive med sau i 60 år.

– Men eg har aldri sett bjørn i dette området. Ikkje i det heile tatt, seier han, medan han ser utover garden og fjella i Liabygda.

Rovviltkontakte og Statens Naturoppsyn kunne måndag opplyse at bjørn hadde vore i kommunen i 2008, men den gongen var det langt unna folk.

– Denne bjørnen er langt vekke frå yngleområdet sitt. Vi er overraska, for dette er uvanleg for oss, slo rovviltkontakt Rune Horvli fast.

Rune Horvli

Rune Horvli, rovviltkontakt, er overraska over at bjørnen har vandra opp i området i Isfjorden.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK