Hopp til innhold

– Vi er avhengige av nye funn

Fylkesmannen har innvilga fellingsløyve på bjørnen i Isfjorden. Så langt er det funne åtte sauekadaver, men før ein får felt bjørnen er ein avhengig av nye funn.

Sau drept av bjørn

Denne sauen er éin av sauene som er drept i Isfjorden i Rauma.

Foto: Privat

– No har vi gjeve eit fellingsløyve fram til 17. juli, altså i to veker.

Det seier Linda Aaram, fungerande seksjonssjef for Naturforvaltning hos Fylkesmannen.

Etter at ein bjørn har drepe minst seks sauer i Isfjorden i Rauma, har Fylkesmannen no gjeve fellingsløyve etter førespurnad frå Rauma kommune.

– Det er i Rauma kommune der har vore observasjon av mellom anna Statens Naturoppsyn og rådviltkontakt. Etter skadane å døme tyder alt på at det er bjørn, seier Aaram.

Det eine bjørneangrepet skjedde berre 200 meter frå nærmaste hus.

(Saka held fram under bildet)

Linda Aaram fylkesmannen

Linda Aaram, fungerande seksjonssjef hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, fortel at det blir nedsett fellingslag i både Rauma og Nesset kommune.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fellingslag i Rauma og Nesset

Sauene som er drepe er vaksne, og har blitt funne godt fortært. Det, saman med ein synsobservasjon, har gjort det enkelt å gje fellingsløyve.

– Laurdagskveld blei det observert eit stort, mørkt dyr, jagandes bak ein saueflokk, fortel Aaram.

– Kva er det som skjer no vidare?

– Det som skjer er at det er nedsett ansvarlege fellingsleiarar i både Rauma og Nesset kommune. Så blir det gjeve eit løyve for felling i eit avgrensa område i begge kommunar.

– I Rauma er det Harry Magne Brude som er ansvarleg fellingsleiar, medan Stein Ivar Bjerkli har fått ansvaret i Nesset, opplyser Aaram.

Vidare blir fellingslag oppretta, der dei involverte vil bli orientert.

– Det er viktig at dei har kvalifikasjonane som skal til, i forhold til sikkerheit inn mot skyting av bjørn.

– Det skal eigentleg ikkje vere bjørn i Møre og Romsdal

Thomas Rødstøl i Statens naturoppsyn

Thomas Rødstøl i Statens Naturoppsyn er éin av dei som har vore i Isfjorden på synfaring.

Foto: Privat

I tillegg vil Statens Naturoppsyn hjelpe med spesialkompetanse, for å sikre at fellinga blir gjort på ein sikker måte.

Når fellinga vil skje er Aaram usikker på.

– Observasjonane som blei gjort i helga og i går tyder på at kadavera er opp mot éi veke gamle. Så det er ikkje lett å vite kor bjørnen er, den ferdast veldig fort.

– Så vi er avhengige av nye funn. Då kan vi finne opphaldsstaden. Men eg har høyrt rykte om fleire funn i Grødalen i Isfjorden, seier Aaram.

Kva ein bjørn gjer i området, er Fylkesmannen like usikker på som Statens Naturoppsyn.

– Dette er ikkje kjerneområdet til bjørn. Og ifølgje forvaltningsplanen for rovvilt, og differensieringa i forhold til geografi, så skal det eigentleg ikkje vere bjørn i Møre og Romsdal.

Likevel har bjørnen traska seg opp i Romsdalen, og no skal den altså fellast.