Hopp til innhold

-På det verste plukka vi tusen brunsniglar kvar dag

Fleire hagelag forsyner no medlemmer og andre hageinteresserte med ein spesiell type rundormar, for å kjempe mot brunsnigelen.

Anny Gjerde

Mange hagelag forsyner no medlemmane med eit sniglemiddel som er basert på rundormar. Anny Gjerde i Vestnes merkar stor betring etter at ho tok det i bruk.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Middel mot brunsnigel

Dette middelet er hagelaga sitt fremste våpen i kampen mot brunsnigelen. Det er mikroorganismar som går til åttak på sniglen innanfrå.

Foto: Jens Myklebust

Mykje har vore prøvd for å ta kverken på iberiaskogsnigelen, som er til stor plage for mange hageeigarar. Kaffigrut, øl, salt, oske, frysing og oppvarming er nokre av metodane som vert nytta.

Mikroorganismar som våpen

I ein mørk kjellar på Frivilligsentralen i Vestnes i Romsdal står ein stor stamp med eit utvatna stoff, som er hagelaget sitt fremste våpen mot brunsnigelen.

– Nematod er ein mikroorganisme som angrip brunsniglane innanfrå. Bakterien er jordboande og vil ha det mørkt og kjølig, seier Anny Gjerde. Ho er leiar for frivilligsentralen.

LES OGSÅ:

Millionar av rundormar

Anny Gjerde

Anny Gjerde har stor tru på at snigelen kan bekjempast.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Nyttenematode er små rundormar, som finst naturleg i jord. Men mengda er ikkje stort nok til at dei kan kjempe mot iberiaskogsniglane. Produktet Nemaslug består av millionar av desse rundormane.

– Når du har plukka sniglar frå hagen, er det lurt å dele dei største i to, seier Gjerde. Deretter plasserer du dei ut i hagen att og dynker dei med denne væska.

Snigelen vil døy av giftstoffa som bakteriane produserer, og det same vil andre brunsniglar i området gjere. Grunnen til det er at brunsnigelen er kannibal og et sine artsfrendar, som slik får stoffet i seg og vert smitta.

Tusen sniglar kvar dag

Mordersnegle

Brunsnigelen vert også kalla mordersnigel, og er til stor plage for hageeigarar.

Foto: Kathrine Brønn / NRK

– På dei verste dagane plukka eg 1000 brunsniglar kvar dag, fortel Gjerde. Men etter at ho starta å bruke sniglemiddelet, har ho sett ei klar betring. I fjor kom ikkje talet over hundre på den eitt mål store tomta.

Gangsti full av sniglar

Også i Eide Hagelag på Nordmøre har dei same erfaring.

Hagelaget har hatt eit prøveprosjekt på ein gangveg ved kyrkjegarden, der det var så mange sniglar at dei ikkje visste kvar dei kunne sette foten. Etter å ha brukt sniglemiddelet er gangvegen no fri for sniglar.

– Folk har vore så fortvilte fordi snigelen et opp blomar både i hagen og på gravstaden, seier Wenche Rødal i hagelaget.

Ekle sniglar

Skade av brunsnegle

Her er eit typisk teikn på at sniglar har vore på ferde.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

I kjellaren på frivilligsentralen på Vestnes, har Anny Gjerde fått ein kunde, som vil kjøpe middelet.

– No skal eg starte kampen mot sniglane. Eg fekk nesten sjokk, då eg fann 45 sniglar, seier Eva Brastad.

Ho har putta sniglane ho fann i eit glas og strødd salt over. Berre tanken gjer henne kvalm.

– Etter at eg har putta sniglane i glaset, seier eg ysj og går, ler Eva Brastad. Ho maktar ikkje tanken må å klippe sniglane i to.

Iberiaskogsnegle

Mange metodar har vorte prøvd for å få bukt med problemet.

Foto: Gerd Fjellanger

– Då lyt eg spør naboen, seier Brastad.

Evig problem

Blir vi kvitt brunsneglen heilt nokon gong?

– Det er vanskeleg å tru at vi blir heilt kvitt den, men vi kan få problemet under kontroll og sørgje for at den ikkje legg egg over alt, seier Anny Gjerde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL