Hopp til innhold

Mattilsynet slår smittealarm

Mattilsynet har slått full smittealarm på Nordmøre og i Trøndelag. Dei siste dagane er pankreassjukdom påvist i laks i tre nye anlegg på kysten.

Oppdrettslaks.

Smitten går til angrep på bukspyttkjertelen til laksen.

Foto: Terje Marøy / SCANPIX

To av anlegga ligg på Nordmøre og det tredje ligg på Hitra i Trøndelag. Mattilsynet ser på situasjonen som dramatisk.

Knut Rønningen - Mattilsynet

Knut Rønningen i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

– Dette er ein sjukdom vi har lagt vekt å halde nede. Vi ønskjer at områda nord for Hustadvika skal vere fri for denne sjukdomen. Dette er ein lite gunstig situasjon, seier seksjonssjef i Mattilsynet, Knut Rønningen.

– Må slakte laksen

Anlegga som har fått påvist smitten må no slakte all fisk i merdane. Dette er den måten denne typen sjukdom blir handtert på.

– Vanlegvis må oppdrettarane må sanere anlegga sine. Det betyr nedslakting, seier Rønningen.

Fleire anlegg

Prøver frå anlegga er analyserte, og det er i løpet av dei siste vekene blitt klart at anlegg i Halsa, Tustna og Hitra er smitta. I desse anlegga er det fem millionar fisk. Kvar fisk er frå 250 gram til halvannan kilo. Mesteparten av fisken er eigentleg ikkje slaktemogen.

Saman med næringa kartlegg vi no alle anlegga i området. Vi ønskjer å skaffe oss best mogleg vedtak om korleis smitten skal bekjempast. Vanlegvis må anlegga sanerast, og denne strategien står fast, seier Rønning.

– Kan smitten ha spreidd seg til andre anlegg?

– Det veit vi ikkje enno. Men denne sjukdomen har dukka opp i tre anlegg i eit kort tidsrom, så er denne risikoen til stades, seier Rønningen.

Det er fleire oppdrettsanlegg som ligg rimeleg nær dei smitta anlegga. Desse anlegga er alt i ferd med å bli tømt for fisk.

Ny variant

Pankreas er det latinske ordet for bukspyttkjertel. Frå tid til annan ser ein av oppdrettslaks får smitte som gjer bukspyttkjertelen sjuk. Den smitten som er påvist ved eit av desse tre anlegga er litt annleis en smitten som har vore påvist tidlegare.

– I eit av tilfella er det ein variant som er litt ulik i forhold til det vi har sett tidlegare. Det kan hende at denne smitten er mindre sjukdomsframkallande. Men det er ein så nyoppdaga variant at vi ikkje veit kva tapspotensial som ligg i denne varianten, seier Rønningen.

Ikkje farleg å ete

Det skal ikkje vere farleg for menneske å ete fisken som har denne smitten. Men det skal være svært smittsamt for fisken.