Hopp til innhold

- Vil trenge oppfølging i lang tid

Oppfølginga av ungdom som opplevde massakren på Utøya, har vore god i Møre og Romsdal. Det er konklusjonen etter eit møte i går.

Dialogkonferanse i Molde

På dialogkonferansen i Molde var det semje om at oppfølginga etter 22.juli har vore god.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

–Møre og Romsdal er blant fylka der oppfølginga av dei overlevande etter Utøya-massakren har vore god. Det var det brei semje om på dialogkonferansen i Molde i går, der dei utveksla erfaringar med oppfølginga av ungdommen.

Mange år framover

Kitty Eide

Kitty Eide, i den Nasjonale støttegruppa etter 22. juli, meiner ein må tenkje langsiktig oppfølging.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

-Sjølv om det er gjort veldig mykje bra arbeid ute i kommunane, vil eg ikkje friskmelde oss heilt, seier Kitty Eide. Ho sit i den nasjonale støttegruppa etter 22. juli. Hennar dotter var ein av dei som var på Utøya.

Eide trur at det er viktig å ha eit langt perspektiv på oppfølginga, no når den akutte fasen er over.

Blitzlampen har slokna

-I første fase var det så mykje adrenalin med i bildet. No er kvardagen her. Blitzlampen har slokna, og det gir meir tid for refleksjon og grubling. Mange ungdommar synest det er tøffare no enn i akuttfasen, seier Eide.

Ho har inntrykk av at dei som var på Utøya, frå Møre og Romsdal, til no har fått den hjelpa dei har trengt.

Slapp ventelister

Egil Ekhaugen

Fylkessekretær i Arbeiderpartiet, Egil Ekhaugen, har fått gode tilbakemeldingar på oppfølginga ungdommen har fått etter 22. juli

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fylkessekretær i Arbeiderpartiet, Egil Ekhaugen, var blant dei mange som roste oppfølginga, på dialogkonferansen i går.

– Dei tilbakemeldingane eg får er at ungdommen føler seg godt ivaretekne. Dei er imponert over korleis kommunar og hjelpeapparat har fungert, seier Ekhaugen.

Han trur ein av grunnane er den ubyråkratiske måten dei har fått hjelp på. Dei slapp å gå om fastlegen og få rekvisisjon, og slapp også å stå på venteliste for å få hjelp.

Fylkesmann med personleg stil

Også det at Fylkesmann Lodve Solholm har sin personlege stil, meiner Ekhaugen har bidrege til at Møre og Romsdal fekk ting på stell mykje tidlegare enn andre fylke.

Sjølv meiner Lodve Solholm at gode beredskapsplanar, er grunnen til at ein har kunne hjelpe ungdommane, utan å gå gjennom byråkratiet.

– Når ein skal vere ubyråkratisk og improvisere, er det viktig å ha ein god beredskapsplan i botn, som er øvd og gjennomtenkt. Utan slike planar er det umogleg, seier Solholm.

Møtast jevnleg

I Møre og Romsdal er det etablert ei ressursgruppe som består av Arbeiderpartiet, AUF, den nasjonale støttegruppa, helseføretak, fylkeslege og fylkeskommunen. Gruppa er meint å vere ein ressurs for kommunane som skal følgje opp ungdommen.

– Vi har ein god dialog med møter ein gong i månaden, så lenge det er behov for det, seier Solholm.

Ungdommen møtast

Også ungdommen som opplevde massakren, dei etterlatne og pårørande, har jamlege møter for å støtte kvarandre. Det trur Kitty Eide er viktig.

– Mange av oss pårørande har fått heim ungdom som er annleis enn dei var før 22. juli. Vi treng også å lære oss korleis vi skal gi den beste hjelpa som foreldre, seier Eide.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL