Hopp til innhold

Ingeniørmangel i Molde

Ein av dei største ingeniørbyane i landet opplev no ein akutt og aukane mangel på nye ingeniørar.

Marianne Valle

TRENG FOLK: Marianne Valle i National Oilwell Varco samarbeidar med ti andre bedrifter om å skaffe ingeniørar til romsdalsregionen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Molde er blitt ein av dei store ingeniørbyar i landet, men slit no med å få tak i nye hovud.

LES ÒG:

Difor går 11 bedrifter, saman med Trainee Molde, offensivt ut for å kapra fleire ingeniørar til Molde og regionen rundt.

Frode Rabbevåg i Korn Reklamebyrå i Molde, samordnar kampanjen for bedriftene som har meldt om eit stort behov for å halde aktiviteten oppe.

– På kort sikt er det signal om minst 100 stillingar som står ledige og der det er behov for ingeniørar umiddelbart. Men det er òg signal om at det innan to år vil bli eit stort ingeniørbehov, seier Rabbevåg til NRK.

– Har det blitt eit problem allereie, slik at bedriftene slit med å få gjort jobben sin?

– Det er nok eit relativt stort problem for mange bedrifter. Det er dei som må seie frå seg oppdrag på grunn av mangel på folk.

– Kvifor vel ein å samarbeide på denne måten?

– Det er fordi at skal ein nå opp i konkurranse med dei store entreprenør- og oljeselskapa på landsplan, så må ein stå saman, seier Rabbevåg.

LES ÒG:

Marianne Valle frå Aureosen er personalkonsulent i National Oilwell Varco. Konsernet har 300 ingeniørar og halvparten av dei berre i Molde. Valle fortel om eit stort behov for ingeniørar, og det behovet aukar.

– Det er ei stor utfordring å skaffe den rette ingeniøren, seier Valle.

– Me jobbar mykje lokalt, samstundes har me løfta blikket og leitar etter folk meir i heile landet.

Valle fortel at dei er med i samarbeidet fordi det er viktig å vise at romsdalsregionen er spanande for folk med høgare utdanning.

Og sjølv om det nok vert ein kamp mellom bedriftene om dei beste hovuda, ser Marianne Valle i National Oilwell Varco at dei alle har noko igjen for å vere med på å profilera Molde som arbeidsplass.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL