Hopp til innhold

Vanskeleg å få jobb

Under halvparten av innvandrarane som har fullført introduksjonsprogrammet i norsk kjem seg ut i arbeid eller byrjar på ei utdanning.

Guleed Jamae Muse

Guleed Jamae Muse frå Somalia dreiv butikk i heimlandet. No jobbar han i ein daglegvarebutikk i Volda.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Det er ikkje alltid lett for innvandrarar å få seg jobb i Noreg. Eit nytt språk og eit heilt anna levesett enn det mange er vant til, gjer dei første åra utfordrande.

Fekk jobb i butikk

Men det er også mange som lykkast.

– Eg begynte å jobbe med mjølkekjøla, fortel Guleed Jamae Muse (41) frå Somalia som har fått ei deltidsstilling ved Coop Mega i Volda på Sunnmøre.

– Eg tek meg av kassa ved høve, fyller på varer frå lageret og mange andre ting, seier han.

Guleed Jamae Muse dreiv sin eigen butikk før han kom til Noreg for snart to og eit halvt år sidan. No er målet å få hundre prosent fast jobb i daglegvarebutikken i Volda, og han får svar på søknaden sin innan månaden er omme.

Deltek på introduksjonsprogram

Saman med 37 andre innvandrarar i Volda, deltek han på kommunen sitt introduksjonsprogram. I løpet av to år skal dei lære seg det norske språket og om det norske samfunnet. Det skjer både på skulebenken og ute i arbeidslivet.

– Introduksjonsprogram er veldig kjekt. Eg har lært norsk ved Hareid ressurssenter og på Coop Mega, seier Guleed Jamae Muse.

Negativ resultatutvikling

Målet med introduksjonsprogrammet er at alle skal kome seg ut i arbeid eller byrje på ei utdanning, men resultatutviklinga har vore negativ dei siste åra.

I 2010 var det berre 42 prosent av deltakarane over heile landet som klarte målet.

Vil satse på Jamae Muse

Guleed Jamae Muse og Morten Gusdal

Butikksjef Morten Gusdal er fornøgd med Guleed Jamae Muse sin innsats og vil satse videre på han.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Ifølgje Morten Gusdal, Guleed Jamae Muse sin arbeidsgivar, er jobbutsiktene lyse for somaliaren.

– Han gjer ein veldig god jobb og vi ønskjer å satse på han vidare. Eg meiner det er viktig at innvandrarar får høve til å jobbe slik at dei kan ta del i samfunnet, seier Gusdal.

Viktig å ta del i arbeidslivet

Ifølgje Marianne Solheim ved Innvandrarkontoret i Volda er praksis i arbeidslivet viktig for å lære seg norsk raskare.

– Det er absolutt ein svært viktig del av språkopplæringa. Mange har ikkje noko godt norsk nettverk. Vi har flyktningeguidar, men det er ikkje alle som får tilbud om det. Det er viktig for dei å få praktisere norsk mest mogeleg, seier Solheim.

Meir oppfølging

Mediatrice Buyamba, Majida Solaqa, Samuel M. Daniel

Mediatrice Buyamba, Majida Solaqa og Samuel M. Daniel øver på norske setningar på Ressurssenteret i Hareid.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Introduksjonsordninga vart obligatorisk for alle kommunar i landet i 2004. I Volda starta dei i 2001.

– Før vi starta blei diverre mange gående passive på sosialhjelp. Dei fikk ikkje oppfølging etter norskopplæringa. No er det heilt andre krav, det er beintøft frå første dag, seier Solheim.

Eit råd på vegen

I desember er det toårige introduksjonsprogrammet slutt for Jamae Muse. Han har eit råd til dei som synes det er vanskeleg å kome inn i det norske samfunnet:

– Når ein begynner å byggje eit hus, kvar skal ein starte? Ein må starte nede, seier han.

Guleed Jamae Muse

Guleed Jamae Muse oppfordrar andre innvandrarar til å sjølv ta initiativ for å komme seg inn i det norske samfunnet.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK