Hopp til innhold

Kan bli valthriller i Molde

Kommunevalet i Molde kan bli ein skikkeleg valthriller. Det syner ei meiningsmåling i underkant av ei veke før valet.

Molde rådhus

VALTHRILLER: Det kan bli ein tett kamp om makta i Molde, det viser ei fersk meiningsmåling.

Foto: Odd Sørås / NRK

Ferske tal i ei lokal meningsmåling som Sentio har gjort for NRK og Romsdals Budstikke viser at valresultatet i Molde kan bli ganske så spanande.

Og det gøymer seg ein joker blant partia.

Sidsel Rykhus

ER LETTA: Ordførarkandidat for Ap, Sidsel Rykhus pustar letta ut etter meiningsmålinga.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Høgre blir som venta lokal valvinnar, men Venstre med dobla oppslutning kan bli avgjerande for å vippe Høgre av ordførartrona i byen.

Ap held stand

Overraskende held òg Arbeidarpartiet stand med ei oppslutning på over 20 prosent.

– Det er utruleg gledeleg å sjå at me ikkje har nokon vesentleg tilbakegang, seier ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Molde, Sidsel Rykhus.

Resultat frå meiningsmålinga

Partibarometer Molde

Parti

Valg 07

Sep-11

Differanse

AP

21.4

20.6

-0.8

FrP

17.4

12.3

-5.1

H

27.2

34.0

6.8

KrF

9.7

6.5

-3.2

RV

 

0.2

0.2

SP

8.5

6.3

-2.2

SV

9.1

6.2

-2.9

V

6.1

13.2

7.1

PP

 

0.0

0.0

MDG

 

0.0

0.0

Kystpartiet

0.6

0.6

0.0

Andre

 

0.0

0.0

Ekspander/minimer faktaboks

Rykhus kan puste letta ut etter ein sjukehusstrid som kunne teke livet av lokalpartiet. For statsminister Jens Stoltenberg og helseminster Anne-Grete Strøm-Erichsen stoppa nytt sjukehus og sette avgjerda på vent eit år til.

Ho meiner meiningsmålinga syner at folk har klart å skilje mellom Arbeidarpartiet sentralt og partiet lokalt.

Torgeir Dahl

VIL HALDE PÅ MAKTA: Høgre-politikar Torgeir Dahl meiner sju prosentpoeng framgang er bra.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Høgrebølgje

Høgre vert truleg vinnaren av valet i Molde. Partiet har hatt ein framgang på nær sju prosent.

– Me blir helde ansvarleg for det som har vore bra og det som har vore dårleg, seier Torgeir Dahl frå Høgre.

Dahl meiner framgangen på sju prosent er ein flott framgang frå ei allereie sterk posisjon. Og han satsar på at Høgre med det skal halde på ordføraren og makta i byen.

Venstre doblar – Frp ned

Medan Høgre kryp opp ser det dårlegare ut for samarbeidspartner Framstegspartiet. Dei tapar meir enn fem prosent i Molde.

Olbjørn Kvernberg

MOGLEG JOKER: Partiet til ordførarkandidat Olbjørn Kvernberg kan vere tunga på vektskåla i kampen om makta i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Når Venstre doblar oppslutninga til over 13 prosent kan det opne for eit samarbeid som kan velte Høgre sin draum om framleis ordførarmakt.

– Ingen kan berre cruise inn til siger. Eg synst det er flott, det mobiliserar og verkar som ein ekstra stimulans for oss politikarar, seier Dahl.

Ordførarkandidat for Venstre, Olbjørn Kvernberg, trivst med dei gode tala på partibarometeret og likar tanken som ein mogleg joker i maktspilet i rosenes by.

Det betyr at det er ganske ope kva konstellasjon me får i kommunestyret i Molde, og kven som vert ordførar. Det er makta som rår, og me kjem til å kreve posisjonar i forhold til det valresultatet me får.

Mandatfordeling ifølgje meiningsmålinga:

Molde mandat

Parti

Stemmetall

Mandater

AP

2861

10

FrP

1704

6

H

4711

16

KrF

906

3

Rødt

33

0

SP

873

3

SV

867

3

V

1829

6

PP

0

 

MDG

0

 

Kystpartiet

85

 

Andre

0

 

Totalt

 

47

Ekspander/minimer faktaboks