Hopp til innhold

- Gjer Møre og Trøndelag til eitt politidistrikt

Ordføraren i Kristiansund meiner at Møre og Trøndelag bør slåast saman til eitt politidistrikt. Han trur forslaget frå Politidirektoratet ikkje er godt nok for framtida.

Per Kristian Øyen

Kristiansundsordførar Per Kristian Øyen meiner at Trønderfylka og Møre og Romsdal bør utviklast til eitt felles politidistrikt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I dag er det fire politidistrikt i Møre og Romsdal og i Trønder-fylka. Sunnmøre har sitt eige distrikt. Normøre og Romsdal utgjer eitt, og Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag er eigne politidistrikt.

No foreslår Politidirektoratet at det berre skal vere eitt politidistrikt i Møre og Romsdal. Dei foreslår også å slå saman politidistrikta i Trøndelag.

Ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen, meiner Politidirektoratet ikkje går hardt nok til verks.

Den kriminelle framtida er slik at det er behov for ei meir slagkraftig eining. Trøndelag er sterkare politifagleg enn det Møre og Romsdal er i dag. I framtida er det viktig å ha størst mogleg politikraft med tanke på dei kriminelle utfordringane som kjem, seier Per Kristian Øyen til NRK.

Utgangspunktet for dette utspelet er at Politidirektoratet har sendt sitt innspel til stortingsmeldinga om vidareutviklinga av politi- og lensmannsetaten. Her går direktoratet inn for å redusere talet på politidistrikt frå 27 til 18.

Eitt av forslaga er å slå saman dei to politidistrikta i Møre og Romsdal til eitt politidistrikt, skriv Haugesunds Avis.

– Dette er ein god idé. Det er heilt i tråd med det eg tok til orde for i fjor. Føresetnaden er at pengane som blir frigjorde blir verande att i politidistriktet, seier ordførar i Molde, Jan Petter Hammerø til NRK.

Innspela kjem i samband med arbeidet med ei stortingsmelding som skal vere ferdig våren 2012.

Samanslåing i Møre og Romsdal er slett ikkje den einaste organisatoriske endringa direktotaret går inn for. Dei foreslår endringar både i Hordaland, Rogaland, Østford Oppland, Finnmark, Trløndelag, Nordland, Vestfold og Telemark.

– Eg trur vi kan få ganske store effektar ut av ei samanslåing, seier politimester på Sunnmøre, Jon Steven Hasseldal til Sunnmørsposten.

Direktoratet har også vurdert å gå heilt ned til 15 politidistrikt. Men då vert ulempene større enn gevinsten, mellom anna på grunn av reisetid, heiter det i brevet.